Hopp til innhold

UDI: Nye behov og nye krav

UDI har behov for 1600 asylplassar og 100 plassar for einslege mindreårige i Midt-Norge.

Gjer klart til at flyktningar kjem på Atlanten camping

Her blir Atlanten camping gjort klar til akuttmottak. Men det er søkt om at staden kan bli ordinært mottak.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Denne veka blei akuttmottaka i Kristiansund og Hareid avvikla, og no reiser dei siste asylsøkarane frå akuttmottaka i fylket vårt.

Men i staden har UDI har behov for ordinære mottak, og leiinga både ved Hareid hotell og Atlanten Camping i Kristiansund har søkt om å få drive som ordinære mottak.

– Det har vore eit veldig givande arbeid, der vi har kome tett inn på folk frå ulike kulturar, så vi ønskjer å vere med vidare, fortel Olav Grotli ved Atlanten Camping.

På det meste var campingen fylt av 135 barn og vaksne.

– Det er vemodig når ikkje minst barna reiser.

Mange tårer

Melshorn hotell blir akuttmottak

Det tok kort tid frå hotelldirektøren kunne opne dørene for asylsøkarane, til ho måtte ta avskjed.

Foto: Frode Berg / NRK

Det er berre nokre månader sidan situasjonen var prekær og fristane svært korte. I Hareid fekk hotellet 11 dagar på seg til å førebu mottak for 110 asylsøkarar. No er det også der tomt for asylsøkarar.

– No er her veldig stilt. Og det var nokre tåre og klemma, ikkje minst då vi sende vidare ei stor gruppe på over 60 personar, seier Linda Haddal Røssevoll.

Hotelldirektøren søker no om å få drive ordinært mottak i tre år. Haddal Røssevoll ønskjer å ta imot 40 av dei 100 einslege mindreårige som skal til Midt-Noreg. Det kan bety 15 arbeidsplassar. Eit eventuelt mottak skal opne dørene i juli.

– Tilbakemeldingane har vore positive, og hotelldrift er ikkje noko alternativ slik situasjonen i ulike næringar er i dag. Så alternativet til å legge ned er eit ordinært mottak.

Andre behov og andre krav

Også i Herøy blei det oppretta to mottak, eit på Runde og eit i Tjørvåg, på til saman 170 plassar. No er også lokala der tomme, og driftsleiar Jan Arve Jøsok seier at dei ikkje har søkt om å få drive vidare.

Tove Cecilie Fasting, UDI Midt-Norge

Tove Cecilie Fasting seier UDI er betre førebudd på ein akuttsituasjon no enn for nokre månader sidan.

Foto: NRK

Det er i dag 1680 ordinære plassar ved asylmottak i fylket og 322 plassar for einslege mindreårige. I juli skal altså 1700 nye asylsøkarar få plass i Midt-Noreg. Det er høgst uvisst kvar desse blir plassert.

Kommunikasjonsrådgjevar i UDI, Tove Cecilie Fasting, seier det ikkje blir oppretta fleire mottak i Halsa. Der er det i dag 180 ordinære plassar og 45 plassar for einslege mindreårige.

Fasting meiner det er umogleg å føresjå om det kjem ein ny akuttsituasjon, men seier dei har betra sine rutinar etter den enorme flyktningstraumen i fjor haust.

– Akuttinnkvarteringa som blei brukt var gjerne hotell, campingplassar og liknande. Til ordinære mottak og mottak for einslege mindreårige blir det stilt andre krav, seier Fasting.

Les også:

Meiningsfylt arbeid

Det gjeld både krav til kompetanse for dei som skal arbeide der, og også andre krav til lokalitetane. Det inneber at dei som har vore akuttmottak, og som no ønskjer å bli ordinære mottak, ikkje nødvendigvis står først i køen.

Olav Grotli

– Drifta av mottaket var meiningsfylt arbeid, seier Olav Grotli.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I Kristiansund førebur Olav Grotli seg på å ta imot ordinære campinggjestar. Men han håpar likevel at han får ja frå UDI til å drive mottak. Både fordi det betyr fleire arbeidsplassar, men også fordi det gir meiningsfylt arbeid.

– Ein blir audmjuk og takknemleg fordi ein tilfeldigvis er født i eit land med demokratiske sjansar. Når ein kjem inn på asylsøkarane ser ein kor lite som skil oss. Dei som er usikre og nervøse for situasjonen, kan gjerne kome og vere saman med oss. Då oppdagar dei fort at dette er ikkje noko farleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL