Hopp til innhold

Oddmund skulle fiske juletorsk- men fekk 18 haiar i garnet

– Fisken skal jo ikkje finnast på denne djupna, men garnet mitt var fullt. Og kona nekta å ete den, seier Oddmund Hovden.

Oddmund Hovden

I om lag 60 år har Oddmund Hovden fiska torsk på same stad. Men denne gongen fekk han sjokk då han drog garnet.

Foto: Privat

Oddmund Hovden frå Ørsta sette garn rett utanfor hytta si for å få torsk til jul, men endte opp med 18 småhaiar i staden for. Hågjelen lever eigentleg på djupt vatn, heilt ned til 700 meter.

– Allereie på første meteren eg drog, dukka det opp ein småhai i garnet. Og nedover sjøen såg eg at det var hågjel alle stader, seier Hovden.

Det var Møre-Nytt som først fortalde historia.

Fekk sjokk

Hågjel

Barnebarnet til Oddmund, Oliver Hovden Igelkjøn såg hågjel for første gong.

Foto: Oddmund Hovden / Oddmund Hovden

To gongar i månaden plar Oddmund Hovden sette ut trollgarn, slik at han og kona får fersk torsk på middagsbordet. Han har sett garn på same staden på Berkneset heilt sidan 1952 og har aldri opplevd makan.

Garna var på 10–25 meters djupn. Hovden trur at det kan vere matmangel i fjorden og at det er difor hågjelen var så nær fjøresteinane.

– Eg fekk jo eit sjokk, men eg veit jo at haien ikkje har nokon tanngard eg måtte passe meg for, ler Hovden.

Aldri høyrt før

Jan Einarsen er akvarist og ekspert på livet i havet. Han synest historia er unik.

– Eg aldri høyrt at folk har fiska hågjel så grunt før. Og slett ikkje at dei har fått så mange samstundes, seier Jan Einarsen.

Hågjelen lever vanlegvis nært havbotnen og finst sjeldan grunnare enn 100 meter. Ein og annan gongen vert haien fiska på 50 meter, meiner akvaristen.

– Vi har ingen fasit på kva som har skjedd. Det treng slett ikkje vere noko dramatisk eller mangel på mat, seier Einarsen.

Lysare farvatn

Jan Einarsen

Akvarist Jan Einarsen har aldri høyrt at folk har fått hågjel på grunna før.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Han forklarer at økosystemet og miljøet dyra lever i er stadig i endring

Ei forklaring kan vere, i fylgje akvaristen, at det ikkje var nokon andre som fiska på denne staden og at Hovden fekk haiane i ein augneblink der dei var i lysare farvatn.

– Noko har skjedd slik at fiskane gjekk opp i grunnare farvatn, men det er vanskeleg å finne ut kvifor, seier Einarsen.

Kasta fisken

Men å byte ut torsk med hågjel på middagsbordet er ikkje aktuelt. Kona til Oddmund nekta å ete den og ikkje har den røynde hobbyfiskaren gode oppskrifter heller.

Då Oddmund Hovden la nokre av småhaiane på ein stein, slik at måsane fekk forsyne seg, var det heller ingen som ville ha. Fisken vart difor kasta.

– Hågjel er ikkje rekna for å vere god mat, så eg får prøve torskelukka igjen før jul, seier Hovden.