Hopp til innhold

Skal bli både lege og prest

Det handlar ikkje om å ta ei utdanning. Det handlar om å ta to.

Ellen Schiøtt
Foto: Remi Sagen / NRK

Vestnes-kvinna Ellen Schiøtt nøyer seg ikkje med ei kjapp og lettkjøpt utdanning. Ho har klare planar om å bli både prest og lege. Det betyr at ho vil fullføre to seksårsstudium.

No har ho tatt ei lita pause i utdanninga for å vere vikarprest i Volsdalen i Ålesund. Bak seg har ho uvanleg mange år på skulebenken. Og fleire skal det bli.

Ellen Schiøtt
Foto: Remi Sagen / NRK

36-åringen har gjort unna fire av seks år på teologistudiet ved NTNU og Menighetsfakultetet. Ho har tatt fem av 12 semester på medisin ved eit universitet i Riga i Latvia.

Vanskeleg å velje

– Eg likar å arbeide med folk, seier Ellen Schiøtt. – Og det får eg jo både som lege og som prest. Eg byrja på teologi først.

–Etter kvart fekk eg lyst til å studere medisin. No er det vanskeleg å velje det eine framfor det andre. Eg har verkeleg lyst til å fullføre begge studieløpa.

Inne mellom studia har ho brukt store delar av livet til å reise og opphalde seg i utlandet.

Prestisjeyrke

NRK møter henne i aktivt arbeid med konfirmantar i Volsdalen. Ho orienterer om fasteaksjonen og har spørjekonkurranse. Som vikarprest har ho også gudstenester og gravferder i kyrkja i Volsdalen.

Ellen Schiøtt
Foto: Remi Sagen / NRK

Tidlegare var prest og lege typiske prestisjeyrke i det norske samfunnet. Mange vil framleis bli legar, men interessa for teologistudiet har gått ned og det er prestemangel.

Ikkje skulelei

– Skal eg fullføre både medisin og teologi, blir eg fort 42 år før eg er ferdig. Men det skremmer meg ikkje. Største utfordringa er å greie seg økonomisk, seier den tolmodige og uthaldande studenten frå Vestnes.

Sjølv om ho no har tatt seg ein pause er det ingen mangel på ambisjonar. Og ho kan definitivt ikkje omtalast som skulelei.

Hun klarer ikke bestemme seg for om det er prest eller lege hun ønsker å bli, 
så hun studerer like godt begge deler.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL