Hopp til innhold

Provosert over flyplassutsegn

Utsegna om at Molde kan stå utan flyplass i framtida, provoserer mange i Romsdal. Det var NHH-professor Frode Steen som uttalte dette under ein konferanse i Ålesund i går, og det har sett sinna i kok.


Eksterøiørt Molde flyplass Årø

Flyplassen i Molde går med underskot, men mange meiner det ikkje vil vare.

Foto: Roar Strøm / NRK

Møreaksen, ferjefri E39 og konsekvensane av dette var bakteppet då professoren skisserte korleis han meiner flyplassfylket Møre og Romsdal vil sjå ut i framtida.

Med kortare reisetid mellom byane meiner han det ikkje vil vere grunnlag for å drive fire flyplassar i fylket, og argumenterte for at Molde lufthavn var den som ville kome til kort. No reagerer fleire næringslivsleiarar i Molde på påstanden.

Banksjef Olav Gjerland

Olav Gjerland er styreleiar i Molde Næringsforum. Han vil ha meir samarbeid mellom byane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg syns det er trist at denne saka kjem opp igjen etter at denne saka blei rekna som utan relevans i fjor, seier styreleiaren i Molde Næringsforum, Olav Gjerland.

Han peikar på at andre forskarar i fjor la fram undersøkingar som viste at det er stor grad av berekraft ved Molde lufthamn også etter at Møreaksen er realisert.

Etterlyser betre samarbeid

Gjerland etterlyser meir samarbeid og mindre kiving mellom byane i fylket.

– Eg syns dette er ei ny tris utvikling i diskusjonen internt i fylket. Vi er for lite flinke til å vidareutvikle det vi har i lag på ein enda betre måte.

Gjerland meiner næringslivet i Molde treng flyplassen i byen, også når reisetida mellom byane blir forkorta med nye samband.

– Vi har eit internasjonalt næringsliv som er avhengig av å kome seg raskt ut til marknadene og raskt tilbake. Og det kjem til å utvikle seg vidare også i framtida, seier han.

– Men er Molde og Romsdal så unik at vi treng ein eigen flypass?

– Eg syns unik er dekkande fordi næringslivet i Romsdal er bygd for den internasjonale marknaden og dermed kan tilpasse seg å reise kvar som helst i verda. Og det i seg sjølv er ein grunn til å behalde ein eigen flyplass.

– Men treng vi så mange flyplassar i fylket?

– No snakkar eg på vegner av Molde flyplass og brukarane der. Og eg konstaterer at alle kurver peiker oppover og vil halde fram med det, seier Gjerstad.

Han meiner det i utgangspunktet ikkje er staten si oppgåve å subsidiere drifta av ein flyplass, men meiner vi må sjå lenger enn berre til nosituasjonen.

– Med dei vekstambisjonane som ligg for flyplassen i Molde, er det berre eit spørsmål om tid før den er berekraftig i seg sjølv, seier Gjerland.

Flyplass i underskot

John Offenberg

Lufthamnsjef John Offenberg ved Molde lufthavn trur flyplassen vil gå med overskot innan ti år.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Bakteppet for diskusjonen er altså økonomien ved Molde lufthamn. Flyplassen gjekk i fjor med eit underskot på 34,5 millionar kroner, som svarar til om lag 70 kroner per passasjer.

Lufthamnsjef John Offenberg seier tala ikkje fortel heile sanninga.

– Det blir feil å seie at staten subsidierer Molde lufthamn, fordi Avinor totalt sett genererer eit overskot og betalar utbytte til staten, seier han.

Offenberg seier at sjølv om passasjerane kostar pengar når dei går om bord i Molde, representerer dei ei inntekt for Avinor når dei til dømes går av flyet i Oslo, og ikkje minst når dei reiser vidare derifra til destinasjonar i Europa. Han meiner elles flyplassen vil gå med overskot innan få år.

– Vi har snart betalt ned forlenginga av banen som blei gjort i 2008, det aleine vil gi 10 millionar kroner meir i inntekter per år. I tillegg er passasjerutviklinga positiv, så det ser ut for at vi vil gå med overskot innan ein tiårsperiode, seier lufthamnsjefen.

Offenberg forstår diskusjonen rundt nye samferdselsløysingar og kortare avstandar, men meiner likevel at fordelane ved å ha fleire flyplassar er større enn ulempene.

– Slik det er no er tilgangen til Møre og Romsdal som fylke veldig god, og det er veldig viktig for den type næringsliv som finst her. I tillegg samarbeider vi godt mellom flyplassane, særleg når det er dårleg ver den eine eller andre staden, seier Offenberg.

  • Sjå tv-reportasjen her:
    Ordførar Torgeir Dahl i Molde går sterkt ut mot professoren som i går sa at Molde Lufthamn Årø kan bli nedlagd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL