Hopp til innhold

Prisar svensk avliving av rovdyr

Møre og Romsdal Sau og Geit gler seg over at Sverige opnar for avliving av 3700 rovdyr. Dette inneber at den skandinaviske stammen av store rovdyr vil verte meir enn halvert.

Odd Bjarne Bjørdal på sauesanking

Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Sau og Geit håper også norske politikarar vil opne for å skyte ned rovviltstammen.

Foto: Knut Hustad

Det er avisa Nationen som i dag skriv om at den svenske regjeringa har bestemt seg for kva som kan vere «fordelaktig bavaringsstatus» for dei svenske rovviltbestandane. Dei opnar for å skyte ned 3700 rovdyr.

Med ei slik halvvering av den store rovviltstammen i Skandinavia, håper leiar Odd Bjarne Bjørdal i Møre og Romsdal Sau og Geit at ulven vil halde seg unna Møre og Romsdal.

– Reduserer dei stammen sin, reduserer ein vandringa av ulv hit.

– Har ikkje behov for ulv

Odd Bjarne Bjørdal

Odd Bjarne Bjørdal meiner ein ikkje har behov for ulv i Noreg

Foto: Knut Hustad

Norges Naturvernforbund kaller det svenske vedtaket forferdeleg, og meiner at om ein reduserer stammen i Sverige, bør ein auke den i Noreg.

Det synest Odd Bjarne Bjørdal er heilt bak mål.

– Det er så mykje ulv i Sverige at ulven må vandre ut på grunn av plassmangel. Ein trur at om lag 100 ulv vil vandre over grensa frå Sverige til Noreg neste år, seier han.

– Vi har ikkje behov for å ha så mykje ulv her, dei kan ikkje leve saman med beitedyra.

Skotpremie

I sommar skapte Bjørdal sterke reaksjonar då han gjekk ut og lovde skotpremie på freda vilt i fylket.

Les:

Han meiner at sjølv om stammen vert redusert i Sverige, så har dei så mykje rovdyr i Sverige, Finland og Russland at det ikkje er noko fare for at stammen skal døy ut.

– Av dei 12 ulvane som er avliva i år har 10 vandra over frå Sverige. No kan det hende vi klarer å halde rovdyrstammen nede på eit akseptabelt nivå, slik at vi ikkje får så mykje rovdyr i Møre og Romsdal.

– Må ha ein aktiv kamp mot rovdyra

No skulle han ønskje at dei norske politikarane tenkte i same banen som dei svenske.

– Vi må ha ein aktiv kamp mot rovdyra, det er det einaste som hjelper. Om ein fører ein fornuftig rovdyrpolitikk i Noreg også, vil det vere positivt for utmarksnæringa.

Les:

Sauebønder i Møre og Romsdal er ikkje dei bøndene i landet som har vore mest plaga av ulv, likevel trur Bjørdal at det vil kome meir og meir ulv til fylket.

– Det er berre snakk om tid før det er ulv over heile landet, seier Bjørdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL