Hopp til innhold

Prest om tilsetjing: – Overraska, men glad

– Dette er først og fremst ein gledeleg dag. Det seier Hanne Marie Pedersen-Eriksen om jobbtilbodet frå Møre bispedømmeråd. Presten har vore open om at ho er homofil, og blei difor overraska over å få tilbod om å jobbe som prest i Sandøy.

Hanne Marie Pedersen-Eriksen

Hanne Marie Pedersen-Eriksen skal bruke helga til å vurdere om ho skal takke ja til tilbodet om å bli prest i Sandøy.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Torsdag er Pedersen-Eriksen mest opptatt av å fullføre siste veka av praksisen sin i Borgund kyrkje i Ålesund. Meldinga frå bispedømmerådet i går kom som ei overrasking.

– Eg har jo fått andre signal tidlegare, så det var ei overrasking, seier ho.

Både bispedømmerådet og biskop Ingeborg Midttømme har tidlegare sagt at dei ikkje ønskjer å tilsette prester som lever i likekjønna ekteskap..

– Eg var klar over det, men tok sjansen på å søkje likevel, fordi eg hadde veldig lyst på jobben. Og så gjekk det, av alle ting!

Har ikkje snakka med biskopen

Tilsetjinga blei gjort med knapt fleirtal.

– For meg er tilsetjinga ei dobbel glede. Dei har sett på kvalifikasjonane mine, og det set eg så umåteleg pris på. Og dei har ønskt meg til jobben og innstilt meg på førsteplass.

Spørsmålet no er om biskop Midttømme vil ordinere henne. Pedersen-Eriksen er ikkje gift, men skal gifte seg til sommaren.

– Det er her uvissa ligg, og det er dette eg må jobbe vidare med saman med presteforeininga. Og så må eg saman med kjærasten min vurdere om eg skal takke ja til jobben, seier ho.

Har du snakka med biskopen i dag?

– Nei, eg har ikkje det. Ho er på kyrkjemøte og er nok opptatt der.

Det har heller ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Ingeborg Midttømme torsdag.

Respekterer biskopen sitt syn

Pedersen-Eriksen seier ho forstår at spørsmålet om ordinering er vanskeleg for biskopen.

– Eg respekterer det. Det er noko ho ikkje ønskjer på bakgrunn av sitt teologiske syn.

– Forstår du at dette er vanskeleg for Midttømme?

– Ja, det gjer eg.

Den nyutdanna presten har ønskt å jobbe på Møre. Ho kjenner distriktet frå før, både fordi mor hennar er frå Ålesund og fordi ho har hatt praksis på Sunnmøre.

– Området fascinerer meg, både menneske og natur. Eg syns dette er ein fantastisk stad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL