Hopp til innhold

Lesbisk prest etter ordinasjonsnekt: – Har kontakta advokat

Hanne Marie Pedersen-Eriksen seier ho forheld seg til tilbodet om prestestilling. Bispedømmerådet i Møre har tilbode den lesbiske presten stillinga som sokneprest i Sandøy, men biskop Ingeborg Midttømme nektar å ordinere henne.

Hanne Marie Pedersen-Eriksen

Hanne Marie Pedersen-Eriksen ønskjer framleis å vurdere jobbtilbodet frå Møre bispedømmeråd.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Eg må finne ut av dei juridiske rammene rundt dette, seier Pedersen-Eriksen.

Ho ønskjer ikkje å svare på om biskopen har vore i kontakt med henne i dag, men seier ho får hjelp til å undersøke kva reglar som gjeld.

– Eg er i ein prosess der eg prøver å finne ut av dette no, så eg har kontakta advokat.

– Er du skuffa over tilbakemeldinga frå Midttømme?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Nektar å ordinere

Biskop Ingeborg Midttømme

Ingeborg Midttømme har ikkje endra syn på ordinering av prestar som er gift med personar av same kjønn.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var til avisa Vårt Land at Midttømme i dag uttalte at ho ikkje kjem til å ordinere Pedersen-Eriksen. Både soknerådet og bispedømmerådet har gått inn for å tilsetje presten, som har vore open om at ho er homofil og at ho skal gifte seg til sommaren.

Det er første gong Møre bispedømeråd behandlar ei slik sak. Midttømme har tidlegare vore klar på at ho ikkje ønskjer å ordinere prestar som er gift med ein av same kjønn.

I følgje Midttømme er det heller ikkje mogleg å bli ordinert ein annan stad i landet for så å ta jobben i Sandøy.

– Kyrkjeretten opnar ikkje for det, seier ho til Vårt Land.

– Ikkje overraska

Fungerande leiar i Møre bispedømmeråd, May Lisbeth Hovlid Aurdal, seier ho var kjent med haldninga til biskopen før vedtaket blei gjort.

– Eg er ikkje overraska, og eg har respekt for at ho tar sine avgjerder på det grunnlaget som ho finn å måtte ta avgjerder på.

Ho seier vedtaket er gjort med atterhald om at presten blir ordinert.

– Det er vår mynde, så har biskopen ansvaret for sitt område.

– Er du skuffa?

– Eg var kjend med biskopen sin ståstad frå før.

– Utfordrande sak

Midttømme meiner vedtaket har sett både henne og Pedersen-Eriksen i ein vanskeleg situasjon. Hovlid Aurdal vedgår at saka er vanskeleg.

– Å ta avgjerder på område der vi har ulike ståstader er utfordrande.

Kvifor ønskte de å tilby henne jobben?

– Vi har sett på hennar kvalifikasjonar og tatt ei heilskapsvurdering ut frå det, som blir reflektert i vedtaket vårt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL