Hopp til innhold

Arbeids- og sosialministeren lét seg imponere i Ulsteinvik

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson vitja i dag Rolls-Royce i Ulsteinvik, og med seg i bagasjen hadde han den nye Inkluderande arbeidsliv-avtalen (IA). Bedrifta har lenge jobba målretta for å minke sjukefråværet.

Robert Eriksson

VITJA ROLLS-ROYCE: Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson vitja i dag Rolls-Royce i Ulsteinvik og lét seg inspirere av arbeidet deira for å redusere sjukefråværet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Rolls-Royce har vore veldig dyktige på oppfølging av sjukefråvær, dei har mange tilsette og har vore opptatt av eit inkluderande arbeidsliv. Eg hadde difor lyst å bli betre kjent med deira jobb, og korleis dei følgjer opp dei sjukmelde, seier Eriksson.

Arbeids- og sosialministeren lét seg inspirere av dei tilsette ved bedrifta under dagens besøk. Der fekk han møte dei tilsette og høyre korleis bedrifta har jobba for å redusere sjukefråværet.

Raskare tilbake til arbeidslivet

Regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeidslivet underskreiv 4. mars ein ny Intensjonsavtale for eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). Avtalen skal gjelde perioden frå mars 2014 til ut desember 2018 og trer i kraft 1. juli i år.

Robert Eriksson
Foto: Silje Bjerknes / NRK

IA-avtalen vil betyr ei betydeleg forenkling i reglane for oppfølging av sjukemelde, og er eit viktig verkemiddel for å oppnå overordna mål innanfor arbeids- og sosialpolitikken.

Den nye avtalen skal forhåpentlegvis sørge for at fleire kjem inn i arbeidslivet, og hindre at dei som er innanfor fell ut. Avtalen skal vere ei forenkling både for bedriftene sjølv, dei tilsette og NAV.

– Vi vil flytte fokuset frå skjema og over til menneske. Det vil bety at ein vil kunne hjelpe dei som er sjukemelde raskare tilbake til arbeidslivet. I tillegg vil det bety mindre byråkrati, i praksis 1500 skjema mindre, kvar einaste dag, seier Eriksson.

Eriksson seier dei nye avtalen skal hjelpe arbeidstakaren raskt tilbake til arbeidslivet.

– Det skal vere riktig oppfølging til riktig tid, i staden for at ein må vere opptatt av å krysse ut rett punkt på rett skjema, seier Eriksson.

– No får ein frigitt 69 tilsette i NAV, som slepp å nytte tida si på ulike skjema, men som heller kan følgje opp enkelte sjukmelde på ein rask og god måte, held han fram.

Saka held fram etter bilete.

rolls-royce
Foto: Silje Bjerknes / NRK

Inkluderande arbeidsliv

Eriksson meiner det er viktig å redusere sjukefråværet for å få flest mogleg tilbake til arbeidslivet på ein eller annan måte, og at ein difor må stase på ein god og tett innsats opp i mot den enkelte.

– Dei sjukmelde må få riktig gradering slik at dei kan delta i arbeidslivet til ei viss grad, og ha ei tilknyting til arbeidslivet. Vi veit at dess lenger du er borte frå arbeidslivet, dess større er sjansen for at du permanent hamnar utanfor arbeidslivet, seier Eriksson.

Eit av dei andre fokuspunkta i den nye avtalen vil vere ei sterkare satsing på inkludering av personar med nedsett funksjonsevne.

– Mange med nedsett funksjonsevne har lyst til å delta i arbeidslivet, men står i dag utanfor. Alle IA bedrifter forpliktar seg til å stille sine bedrifter til disposisjon, slik at også dei med nedsett funksjonsevne kan få jobbe der, seier Eriksson.

– Det er eit godt tilbod, som bidreg til eit meir inkluderande arbeidsliv, held han fram.

Positiv utvikling

Dag Johan Skarbø sitedirektør hos Rolls-Royce i Ulsteinvik trur den nye avtalen vil vere positiv for vidare redusering av sjukefråværet.

Dag Skarbø
Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Før var det høgare krav til dokumentasjon og utfylling av papir, utan at du fekk noko att for det. No kan vi bruke energien på oppfølging av den enkelte, og oppnå endå betre resultat enn det vi har i dag, seier Skarbø.

For dei har det vore viktig å fokusere på verdiskapning, og eit inkluderande arbeidsliv.

– For at vore tilsette skal kunne yte, så må vi kunne tilby eit godt fellesskap og spennande og interessante oppgåver. Det er svært viktig for oss, seier Skarbø.

Han trur den nye IA-avtalen vil gjere det lettare for dei å ha større fokus på den enkelte sjukmelde.

– No får vi meir tid til å fokusere på den enkelte tilsette, og kan difor gi dei betre oppfølging i deira sjukefråvær, seier Skarbø.