Hopp til innhold

Rekord­høgt sjuke­fråvær, men denne barnehagen går mot straumen

Fjoråret blei avslutta med det høgste sjukefråværet sidan pandemien. Men i Solsida barnehage har dei klart å meir enn halvere sjukefråværet.

Elin Hagen, einingsleiar i Solsida BHG, sit ved legobordet saman med borna.

MOTVEKT TIL TRENDEN: Elin Hagen, einingsleiar i Solsida barnehage, fortel om høg trivsel og lågt sjukefråvær i barnehagen.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

– Vi har ein veldig travel kvardag i barnehagen. Det er full gass frå du kjem til du går, og lite tid til å prate saman, fortel Elin Hagen, einingsleiar i Solsida barnehage.

Året 2019 enda med eit sjukefråvær på 16 prosent for barnehagen i Førde. Då sette dei inn målretta tiltak, som har gitt klare resultat. No er sjukefråværet meir enn halvert.

Høgste sjukefråværet sidan pandemien

Jan Sebastian Rothe, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Jan Sebastian Rothe, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå.

Foto: Torbjørn A. Tjernsberg / Torbjørn A. Tjernsberg

Før pandemien låg sjukefråværet stabilt på rett under 6 prosent. Det nådde eit toppnivå på 7,25 prosent under pandemien i andre kvartal av 2022.

– Etter pandemien er sjukefråværet noko lågare. Men vi ser gjennom 2023 at den prosenten aukar heilt opp til 7 prosent i slutten av 2023. Og det er jo veldig høgt, fortel Jan Rothe, rådgjevar i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei siste 20 åra har fråværet berre vore høgare under svineinfluensa og koronapandemien.

Muskel- og skjelettplager, psykiske lidingar og sein-covid

– Moglege forklaringar ser ut til å vere ei auke i psykiske lidingar og muskel- og skjelettlidingar. Sein-covid ser også ut til å spele ei rolle, fortel Marit Roxrud Leinhardt, avdelingsdirektør i Kommunesektorens organisasjon (KS).

Mange arbeidsoppgåver, høgt tempo og tungt fysisk arbeid er nokre av dei typiske medverkande faktorane til sjukefråvær.

Næringa med høgast sjukefråvær i 2023 er helse- og sosialtenester, med 9,7 prosent.

Frå 16 til 6 prosent sjukefråvær i Solsida barnehage

Restaurering av Solsida barnehage førte til mellombelse lokale og tilsette spreidd på ulike lokasjonar. Hagen trur at det var hovudårsaka til det høge sjukefråværet i 2019.

– Vi var på forskjellige einingar, der folk laga seg eigne mønster i kvardagen. Når ein møtes igjen, så gjer ikkje dei rundt deg det du forventar, fordi ein har ulike rutinar. Så det blir litt gnissingar, og det blir travelt.

Etter den perioden sette dei i gong målretta tiltak mot eit lågare sjukefråvær. No kan dei sjå tilbake på 2023 med eit kraftig redusert sjukefråvær nede på 6,1 prosent.

Elin Hagen, einingsleiar i Solsida barnehage, sit ved bordet saman med borna.

Lyse tider i Solsida barnehage.

Foto: Laurita Fure Briceno / NRK

Gode samtaler gjer ein stor skilnad

Eit av tiltaka var eit trepartssamarbeid mellom verneombod, tillitsvalt og leiar. Barnehagen har også prioritert korte samtalar mellom pedagogisk leiar og tilsett ein gong kvar veke. Slike små grep kan gjer stor forskjell, fortel Hagen.

– Vi har snakka veldig mykje om korleis vi har det i kvardagen og kva som er dei verste gnagsåra. Så har vi prøvd å sette inn tiltak for å betre dei. Vi har evaluert det, og det kjennast kjempebra!

Lågt sjukefråvær er ferskvare

Marit Roxrud Leinhardt er avdelingsdirektør for arbeidsliv og arbeidsgiverpolitikk i KS.

Marit Roxrud Leinhardt, avdelingsdirektør for arbeidsgivarpolitikk i Kommunesektorens organisasjon.

Foto: KS

Målretta arbeid hjelper, men KS minner om at det er ferskvare.

– Ein kan ikkje forvente at innsats i januar det eine året, skal gi utslag i desember det neste året.

Hagen fortel at Solsida barnehage ønsker å fortsette med dei gode tiltaka, men at det kan vere utfordrande.

– Likevel ser vi at når det er fråvær, så er det som blir kutta. Så vi jobbar framleis med å finne løysingar på å behalde det. For det har stor verdi å debrife dagen litt!

Les også Barnehage halverte sykefraværet – fordi de snakket mer sammen

Eid barnehage, Melhus