Null utslag på mobilen har vore kvardagen for folk i Årvika og Gullstein på Nordmøre. Berre på avgrensa stader og ved svært godt ver har bebuarane kunne rekne med å bruke telefonen.
I dag kom dekningsdirektøren i Telenor på besøk. Han er godt kjent med vanskane i Aure, og trur dei skal finne ei løysing. Men det vil ta tid.
–Eg skulle gjerne sagt at dette skal ta veker eller dagar, men av erfaring veit eg at dette tar tid. Så eg vil seie tidleg 2016, så får alt før det bli ei positiv overrasking, seier Bjørn Amundsen til NRK.
Vanskar på sjukeheimen
Ved sjukeheimen på Gullstein har dei merka godt at dei ikkje kan stole på mobildekninga. Dei har fleire system som brukar mobilnettet, og dei har også behov for mobiltelefonar for å ringe ut og inn.
- Sjå tv-reportasjen om mobilproblema ved sjukeheimen:
Gamal sjøkabel i Årvika
I føremiddag er det synfaring både i Årvika og på Gullstein. Begge stader manglar dekning, men årsakene er litt ulike, seier Amundsen
– I Årvika er det ein gamal sjøkabel som må skiftast. Målet er at dette er ei rekning som Telenor skal ta, så då må vi berre finne eit tidspunkt for det, seier han.
Enklare på Gullstein
For Gullstein og sjukeheimen trur Amundsen løysinga er litt enklare. Det er det både straum og hus til disposisjon, i tillegg til fiber.
– Eg er ganske trygg for at dette skal la seg løyse, seier Amundsen. – Eg håper vi skal finne ei god løysing saman med kommunen for dette området.
At det vil koste pengar å fikse det, er Amundsen ikkje i tvil om. Spørsmålet no er kor komplisert løysinga er og korleis kostnadene skal fordelast.
– Det ser i alle fall positivt ut før synfaringa, så får vi sjå om det dukkar opp nokre skjer i sjøen, seier Amundsen.