Hopp til innhold

Resultatlaust søk etter sakna 18-åring

Nærmare hundre personar har vore med på leiteaksjonen etter den sakna 18-åringen i Herøy. Politiet seier dei framleis ønsker tips.

Leiteaksjon på Moltustranda

SAKNA: David Tarberg (18) blei meld sakna laurdag ettermiddag. Han blei sist sett på Moltustranda klokka 3.30, natt til laurdag.

Foto: Kart / Privat

– Det har vore søkt etter den sakna heile dagen og kvelden, men det har ikkje gitt noko resultat, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck til NRK like før klokka 23.00 måndag kveld.

David Tarberg (18) var saman med kompisar på Moltustranda på Sunnmøre natt til 23. desember. Sidan har ingen sett han.

Heilt sidan han blei meldt sakna laurdag ettermiddag har politiet søkt etter 18-åringen. og blei meldt sakna laurdag ettermiddag. Måndag møtte fleire frivillige opp for å hjelpe til i leiteaksjonen.

– Vi har søkt i området mellom Moltustranda og Tjørvågen. Også dykkarar har søkt i elva på Moltustranda, seier Franck.

Søket etter 18-åringen held fram også natt til tysdag, men med forminska styrke. Tysdag morgon vil igjen store styrkar frå Heimevernet, politiet og Røde Kors leite etter den sakna David Tarberg.

– Vi leitar med tanke på å finne han i live, seier Franck.

Politiet vil ha tips

58 personar frå Røde Kors og fire hundepatruljar har vore på plass i Herøy måndag for å leite, og luftambulansen har også vore til stades for å søke i terrenget, opplyste politiet til NRK måndag klokka 12.30.

– No leitar vi i eit område frå Sandvika og oppover i terrenget. Det blei gjort observasjonar i går, som kan tyde på at den sakna kan ha vore der forklarer oppdragsleiar i politiet Svein Harsjøen.

– Vi er interessert i observasjonar på ein tursti frå Sandvika som går i retning Tjørvåg, legg han til.

Leiteaksjon i Herøy

LEITAR: Nærmare 100 personar har engasjert seg i leiteaksjonen, som har gått føre seg i tett terreng. Både frivillige, Røde Kors, hundepatruljar har leita.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr

Politiet har ikkje opplysningar som tydar på at det skal ha skjedd noko kriminelt.

Leiteaksjon Sandvika/Tjørvåg i Herøy kommune

Starta så snart det blei lyst

Oppdragsleiar i politiet Svein Harsjøen sa måndag føremiddag at det var ein betydeleg auke i mannskap då dei sette i gang med søk klokka 10.00.

Natt til første juledag har det ikkje vore søkt med mannskap, men politiet har gått gjennom tips.

Leiteaksjon i Herøy

OVER ALT: Leitemannskapet har også sjekka løer i området mannen skal ha blitt observert.

Foto: CARL-HENRIK MOLTUMYR

Politiet vil ha tips

Politiet seier dei har fått inn nokre tips dei siste dagane, men at dei framleis vil ha kontakt med folk som kan ha informasjon.

Dersom nokon har sett guten bes dei ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.

Politiet har også bedt folk på Moltustranda om å sjekke eigedomane sine.

Laster Twitter-innhold

Røde Kors har deltatt i leiteaksjonen med 15 til 20 folk, i tillegg til fire hundeekvipasjar. Eit helikopter har også blitt brukt i søket.

18-åringen er 183 centimeter høg og var ikledd ei blå jakke, opplyser politiet.

Leiteaksjon i Herøy

HELIKOPTER: Det har blitt leita med helikopter begge dagane.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL