Hopp til innhold

Kunstflytting vekker internasjonal merksemd

Inventaret multikunstnaren Kurt Schwitters la igjen seg på i ei steinhytte på Hjertøya i Romsdalsfjorden skal flyttast til Molde.

Inventaret flyttast frå Schwittershytta

Sjå tv-saka: Den tyske, multikunstnaren Kurt Schwitters gøymde seg for nazistane i steinhytta si på Hjertøya i Romsdalsfjorden i slutten av 1930-åra. Foto/redigering: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

I dag starta ein flyttesjau kunstekspertar i inn- og utland følgjer med stor interesse. På 1930-talet innreidde multikunstnaren Kurt Schwitters ei steinhytte i Romsdalsfjorden. No, over 70 år etter, skal inventaret flyttast til Romsdalsmuseet i Molde.

– Vi kjem til å fjerne alt interiøret. Det einaste som blir igjen er sjølve steinhytta slik den stod då han kom hit for lenge sidan, seier kunsthistorikar Karin Hellandsjø.

Har hjartet i halsen

Den tyske, multikunstnaren Kurt Schwitters gøymde seg for nazistane i steinhytta si på Hjertøya i Romsdalsfjorden på slutten av 1930-talet.

Terje Thingvold, konservator ved Romsdalsmuseet.

Terje Thingvold, konservator ved Romsdalsmuseet, er spent for kva dei vil finne under flyttinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Då det vart for farleg for han å opphalde seg der flykta han vidare til England og kom aldri tilbake.

No er ekspertane spente på om dei finn enno fleire skattar etter den verdskjende tyske multikunstnaren. Også denne gangen håpar ekspertane at det skal dukke opp nye, spennande skattar, 75 år etter at kunstnaren forlét øya.

– Ja vi er veldig spent på kva vi vil finne når vi byrjar å fjerne alt. Det blir spesielt spennande å sjå kva som skjuler seg under andre ting, så vi jobbar med hjartet i halsen heile tida, seier Terje Thingvold, konservator ved Romsdalsmuseet.

Internasjonal merksemd

I dag er inventaret den verdskjente kunstnaren la igjen i fjorden utanfor Molde det einaste som står igjen av ein av dei kjente kunstinstallasjonen Schwitters budde i og kalla ein «merzbau».

 Karin Hellandsjø

Kunsthistorikar Karin Hellandsjø seier at flyttinga vekker stor internasjonal merksemd.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

No planlegg eksperten korleis det unike inventaret skal flyttast over fjorden til
Romsdalsmuseet i Molde.

– Dette er ein unik kunstskatt og det vekker stor internasjonal merksemd, så vi må behandle den forsiktig, seier Hellandsjø.

No står det berre att å avgjere kor ramma av hytta og inventaret skal plasserast i Schwittersrommet på Romsdalsmuseet.

– Det er lettare sagt enn gjort, men vi må bestemme oss i løpet av veka, seier Hellandsjø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL