Det var Teknisk Ukeblad som først skreiv om påstandane, som kjem fram i ein dokumentar laga av mediehuset Vice.
I dokumentaren blir det hevda at ein sveisar omkom under arbeidet på skipet «Polar Empress» på verftet i Polen. Skipet vart døypt på Myklebust verft på Sunnmøre i fjor.
I følgje dokumentaren skal mannen ha jobba saman med fleire andre nordkoreanarar under svært dårlege arbeidsforhold.
Ifølgje The Guardian jobbar titusenvis av nordkoreanske arbeidarar på på strenge kontrakter over heile verda, og pengane dei tener går rett til diktaturet i Pyongyang.
– Sosial dumping på sitt verste
Erlend Wiborg er medlem i arbeids- og sosialkomiteen for Frp. Til Teknisk Ukeblad seier han at han krev at alle norske verksemder sluttar å bruke verftet fram til saka er grundig granska. Han får støtte frå komité-kollega Fredric Holen Bjørdal frå Arbeidarpartiet.
– Dersom det finst smutthol i EU-lovene som gjer dette mogleg, så må EU stramme inn med det same. Det er i så fall sosial dumping på sitt verste, seier Holen Bjørdal.
Holen Bjørdal har kontakta Kleven verft om saka.
– Kleven bør ikkje bruke tenestene til dette verftet så lenge dei nyttar denne typen arbeidskraft. Eg er trygg på at Kleven vil følgje opp dette vidare, seier Holen Bjørdal.
Har hatt fleire oppdrag for norske verft
Veftet i Gdynia i Polen har hatt ei rekkje oppdrag for norske verft dei siste åra. Berre i fjor leverte verftet tre fartøy til Kleven og Ulstein.
– Kva tenkjer du om at dei norske verfta ikkje har oppdaga dette?
– Eg oppfattar både Kleven og Ulstein som seriøse aktørar. Dette er ei påminning til desse verfta om å følgje opp underleverandørane sine, seier Holen Bjørdal.
Vil ikkje svare
Kleven verft vil ikkje svare på NRK sine spørsmål om dei vil avslutte samarbeidet med verftet, eller om dei har hatt god nok kontroll på arbeidsforholda.
I ein generell kommentar til NRK skriv kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund at dei vart gjort merksame på bruken av ein nordkoreansk underleverandør i helga.
– Vi har hatt møte med leiinga ved verftet og forventar at dette opphøyrer umiddelbart, og følgjer det opp.
Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med det polske verftet. Heller ikkje Teknisk Ukeblad har fått leiinga ved verftet i tale.