Hopp til innhold

Jorunn (83) har opplevd ras på nært hald før, no fryktar ho Mannen

Jorunn Horgheim (83) har opplevd ras frå fjella i Romsdalen ein gong før. Det sette ein alvorleg støkk i henne. No håper ho raset frå Mannen går snart, så ventetida tek slutt.

Jorunn Horgheim

Jorunn Horgheim (83) har opplevd fleire ras frå fjella i Romsdalen, det største frå fjellet Børa i 2007. Det er likevel berre småtteri samanlikna med det som er venta frå Mannen no.

Foto: Gunnar Sandvik

83 år gamle Jorunn Horgheim var ute og raka lauv ein oktoberdag i 2007, då det tok til å buldre frå fjellet Børa i Romsdalen. Det har gjort varig inntrykk.

– Det var eit verkeleg stort ras! Det buldra utruleg lenge i forkant, då, med småstein som kom ramlandes ned. Brått kom eit voldsomt ras, det var nifst, det var det, seier Jorunn Horgheim.

Tolv gongar så stort ras er venta

Fjellet Mannen sett frå Horgheim

Fjellet Mannen sett frå Horgheim i Rauma.

Foto: Gunnar Sandvik

Ho har budd på Horgheim i Rauma i heile sitt liv, og opplevd mange småras, men steinane har aldri treft heimegarden. Det aller største raset var det som kom frå Børa i 2007. Då ramla om lag 10 000 kubikk ned frå fjellet. Det blir likevel berre småtteri samanlikna med det som er venta frå Mannen. Der ventar geologane 120 000 kubikk.

– Eg skulle ønske at det kom og gjorde frå seg, det er ikkje noko artig og gå og tenkje og kjenne på. No seier dei at vi skal vere trygge, men kva veit dei? spør den 83 år gamle kvinna.

Rasar truleg i løpet av timar

Måndag formiddag slo geologane fast at regnvêr har auka sjansen for at fjellet Mannen rasar ut. Då hadde dei registrert auka rørsler i fjellet sidan klokka 22 søndag kveld, og det blei slått fast at skredet truleg går i løpet av 24 timar. Måndag kveld er det venta endå meir nedbør, og det kan setje fart i eit eventuelt skred.

Les alt om Mannen her:

– Buldra heile dagen

Den gongen Børa raste ut i 2007 ramla det frå fjella heile dagen, minnest Jorunn Horgheim. Også denne gongen har ekspertane sagt at det truleg vil buldre frå fjellet før raset kjem.

– Det heldt på å ramla heile dagen, faktisk, og så kom det vel i 13-14-tida, seier ho.

Lit på ekspertane

Den 83 år gamle kvinna seier dei som bur i området er vande med ras og uro frå fjella rundt.

– Vi har ikkje tenkt så mykje på det, anna enn at det er naturleg, seier ho. Og ho understrekar at ho lit på ekspertane, som seier at dei bur trygt og at steinane ikkje kjem til å råke husa på Horgheim. Likevel kjenner ho på uroa.

– Eg lit på dei, eg gjer det. Og det lyt eg jo prøve å gjere, elles kunne eg ikkje bu her. Men eg håper det ikkje kjem over elva, då, sidan vi er her no, seier ho.

– Ventetida er verst

Kjell Sogge

Kjell Sogge eig eit nedlagt gardsbruk under fjellet Mannen. Han ventar i spenning på når raset skal gå.

Foto: Gunnar Sandvik

Kjell Sogge eig ein nedlagt gard under fjellet Mannen. Han trur ikkje garden hans blir råka av raset, men er likevel svært spent.

– Eg skulle vore på jobb, men det er jo litt kjekt å følgje med også. Men dette kan jo ta tid, så eg kan nok ikkje vente til det kjem, seier han.

Sogge seier ventetida er verst.

– Ein gong trur eg det kjem fort, og ein gong trur eg det går seint, men det er vel i grunn ikkje råd å vite, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL