Jobben til May Britt Roald er å dytte folk i gang med nye bedrifter. Ho seier dei som faktisk tør å gå i gang, har eitt fellestrekk: dei lyttar til andre.
– Dei har store øyre i forhold til å ta imot råd, og samstundes tydelege på kva dei skal tene pengar på, seier ho.
Roald er prosjektleiar i hoppid, som er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, kommunane og Fylkesmannen.
Les også:
Nådd ei omsetning på nesten 50 millionar
Vidar Aspehaug er ein av dei som har lukkast. For litt over ti år sidan var han med å etablere bioteknologibedrifta Patogen i Ålesund. I 2014 hadde dei 17 tilsette, ei omsetning på 47 millionar kroner og eit resultat på over ni. Men det har gått i bølgjedalar.
– Det er ingen dans på roser å starte og drive for seg sjølv, men det er svært givande, seier han.
Til tider har dei permittert folk og hatt dårleg råd, men dei siste åra har selskapet levert stadig betre resultat.
Direktesending frå Ålesund
Nettopp utfordringane med å starte nye bedrifter er eitt av tema under den direktesende valsendinga til NRK på Terminalen i Ålesund måndag kveld. Då møtest politikarar og folk flest for å snakke mellom anna om utfordringane i næringslivet.
– Politikarane snakkar og snakkar om gründerar og skattelette og det grøne skiftet. Men samstundes misser folk arbeidet. Kan politikarane meir enn å snakke, undrar programleiarane.