Hopp til innhold

I dag fekk hunden Luna sin eigen julekalender

Hunden Luna var ikkje gløymt då familiens yngste opna den første luka i julekalenderen tysdag morgon. Stadig fleire kjæledyr får ta del i julefeiringa.

Amalie Humblen med julekalender til hunden

Amalie Humblen (10) med hunden Luna gler seg til å opne dei 23 neste lukene i desember.

Foto: privat

Det var ikkje berre Amalie Humblen (10) og veslebroren Petter (7) som fekk julekalendarar heime hos familien Humblen i Ålesund tysdag morgon. Også Luna (2,5), husets Cocker Spaniel, fekk vere med på moroa.

Ho blei veldig, veldig glad då vi skulle opne pakkane i dag. Ho sprang rundt i huset og velta ned julekalenderen både til bror min og meg, seier Amalie Humblen.

Tre kalendarar i heimen

Det var hennar ide å lage julekalender til husets kjæledyr, akkurat slik mor hennar har brukt å gjere til henne og broren. Medan han fekk ein Star Wars-figur, fekk ho magnetar til White Board-tavla si. Og hunden? Han fekk ein godbit, kjøpt på dyrebutikken.

Dei blir større og deiligare for kvar dag, seier ho. Ti-åringen har brukt ei kvit papplate, der ho har teikna og skrive tala 1-24 på. Ved kvart tal er det hengt opp ein liten, innpakka godbit.

Kalendarar også til gnagarar

Siri Pettersen

Siri Pettersen i Dyrebutikken i Kristiansund seier dei har selt rundt 100 julekalendarar til hundar og kattar. Det siste no er kalendarar også til gnagarar som hamster og marsvin.

Foto: Anne-Mari Flatset

Dyrebutikkar over heile landet har i årevis selt ferdigproduserte julekalendarar til kattar og hundar. Ein av dei er Dyrebutikken Kristiansund. Dei har selt rundt 100 slike i år, og det siste er også kalendarar til gnagarar. Her får mottakaren kvar dag eit kjeks, eit drops eller noko anna godt.

Eg er nok litt usikker på kor mykje ein hamster får ut av ein julekalender, medgir innehavar Siri Pettersen.

Grelle kontrastar

Og medan ho sel kalendarar til kjæledyr, døyr menneske dagleg på grunn av mangel på mat og drikke. Pettersen medgir at det er eit paradoks, men syns likevel det å gje kalendarar er ein fin ting.

Dersom du har eit kjæledyr som gir deg glede i kvardagen, kvifor ikkje berre gle deg over det? Ein skal jo tenkje på triste ting også, men kan ikkje nekte seg alt som er kjekt fordi nokon har det verre, slår ho fast.

- Eg syns det er tull, ærleg talt, fnyser ein av kundane når ho blir spurt kva ho syns.

Kalendarar til store og små

Pål Inge Solbakken og hunden Dexter

Pål Inge Solbakken og hunden Dexter kosar seg med kvar sin julekalender no i desember.

Foto: Anne-Mari Flatset

Pål Inge Solbakken, som er innom butikken i Kristiansund, er ein av dei som syns ideen med julekalendarar for dyr er knallgod. Han og hunden kosar seg med julekalendarane sine kvar dag.

Eg sa til han då vi var heime, at i dag skulle vi gå i butikken saman, og han skulle få velje ein godbit, seier Solbakken i fullt alvor. Han vil ikkje vere med på at det er umoralsk å gje dyra kalendarar.

Nei, det syns eg er heilt naturleg. Dyra er like store familiemedlemmer som barn, og folk skal vere snille med dyra sine, slår han fast.

Heime ventar 23 uopna luker på matfar Pål Inge Solbakken. Og like mange på Dexter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL