Hopp til innhold

Dei døydde i Auschcwitz - no kjem boka om familien

Ålesundaren Therese Alvik har skrive bok om ein jødisk familie som vart deportert og drepne i Auschwitz under krigen.

Therese Alvik

Tysdag kjem ålesundaren Therese Alvik ut med boka 'Da byen gråt.'

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Tysdag 26. november kjem boka "Familien Steinfeld – Da byen gråt" ut. Datoen er ikkje tilfeldig valt. Då er det nemleg 71 år sidan massearrestasjonen av jødiske kvinner og born; og dagen då lasteskipet Donau la frå kai i Oslo med 532 fangar om bord.

I Ålesund budde det på denne tida éin jødisk familie. Familien Steinfeld, med ekteparet Lea og Israel, og borna Reidun og Morten. Mora og dei to borna unngjekk denne arrestasjonen, men i1943 var heile familien drepne av tyskarane.

Familien fekk seinare ein plass kalla opp etter seg i Ålesund.

Det begynte med ein notis

Steinfeldt-familien i Ålesund

Borna Reidun og Morten Steinfeld vart drepne i konsentrasjonsleiren Auschwitz under krigen.

Therese Alvik, som til vanleg er barneskulelærar på Aspøy skule, har gjennom samtalar og søk i tallause arkiv og bøker funne mykje nytt stoff om kva som skjedde med familien Steinfeld og andre jødar som hadde tilknyting til Sunnmøre både før og under krigen.

– I utgangspunktet skulle eg ikkje skrive noko bok, det har kome etter kvart. Engasjementet for familien har vore der heilt sidan eg var ei lita jente. Mormora mi fortalde om då ho var tenestejente der, fortel Alvik.

I 2007 skjedde det noko som gjorde at engasjementet hennar eskalerte.

– Då stod det ein liten notis i Sunnmørsposten som heitte "Da byen gråt" til overskrift. Det var kusina til Reidun og Morten som skulle skrive bok og trengde hjelp for å finne ut litt meir om familien sin i Ålesund, fortel ho.

Saman med mor si bestemde Alvik seg for å hjelpe til.

Eit detektivarbeid

Dei pårørande ville vite meir om familien dei hadde vore så glad i, så Alvik gjekk i gong. Først søkte ho på Ålesund bibliotek og fann der nokre leietrådar som ho spann vidare på.

–Så viste det seg etter kvart at finst ein del informasjon som eg trur ålesundarar ikkje veit om og som er interessant for fleire å vite – dermed så vart det til slutt ei bok, fortel Alvik.

– Kor lett har det vore å finne informasjonen etter så mange år?

Det har vore krevjande, men også veldig spennande. Eg har snakka med mange og fått god hjelp i tillegg til arkivtenester. Tidsaspektet er viktig, og eg merka at det no begynner å haste, seier ho.

–Det er få som kan fortelje ei personleg historie om familien Steinfeld. Det var også litt av drivkrafta til at eg gjorde dette no, legg ho til.

Bybrann og romantikk

Alvik kan fortelje om fleire aha-opplevingar medan ho jobba med boka. Blant anna har ho fått ein del spørsmål på korfor familien Steinfeld kom til Ålesund, sidan var ikkje noko jødisk miljø i byen. Det har ho funne litt svar på.

– Det handla om bybrannen, forretningsdrift og litt romantikk -så ei spennande historie! avslører ho.

Sjølv om boka snart skal lanserast er ho viss på at det er meir å ta tak i.

– Boka er berre ein del av arbeidet for meg. Allereie den dagen boka gjekk i trykken kom det opplysingar om eit brev frå tantene til broren til Leah Steinfeld der dei uttrykker kor forferdeleg det var det som hende, seier Alvik.

Artikkelen held fram under bildet.

Tidligere Steinfeld-butikken i Ålesund

I dette bygget i Kongens gate låg Steinfeld-butikken i si tid.

Foto: Joachim Ose / NRK

– Som alle andre

I boka prøver Alvik å gi svar på korleis kvardagen deira vart prega under krigen. Alvik synest det viktig å fremje at familien ikkje berre var fire av seks millionar jødar, men personar med kvar si unike historie. Også familien si rolle i Ålesund synest Alvik å få fram for byhistoria sin del.

Utgangspunktet er at familien Steinfeld budde på Grimmerhaugen like ved Ålesund museum, barna gjekk på skule og var elles som alle andre.

– Svaret eg ofte får når eg spør eldre personar om korleis dei var, er "dei var akkurat sånn som oss", som det er viktig for dei å påpeike det – at det ikkje var noko spesielt ved dei sjølv om dei var jødar, fortel forfattaren.

Boka "Familien Steinfeld – da byen gråt" blir lansert på Ålesund museum tysdag kveld klokka 19.