Berre ein av tre nordmenn brukar refleks i haustmørket, viser tal frå Trygg trafikk. Distriktsleiar i Trygg trafikk, Erik Hartmann, trur mange rett og slett gløymer å ta på seg refleks.
– Vi spurte reisande på ferjene rundt omkring om refleksbruk og dei svarte at dei gløymer det. Dei har kanskje mange jakker og er ikkje flinke til å flytte refleksane over til nytt yttertøy, seier Hartmann.
LES OGSÅ:
Påsydd refleks
Han ventar på nye tal frå refleksbruken no, og trur at det har betra seg det siste året.
Ein av grunnane til det er at mange klesprodusentar, spesielt av sportsklede, har refleks påsydd på kleda.
– Det er ei betring, men det går for seint, seier Hartmann. Han trur det å skape merksemd og snakke om refleksbruk, er det som får fleire til å tenkje.
Video tar av
NRK sin refleksvideo har blitt sett av over 1,5 millionar og delt 47.000 gongar. Hartmann er imponert over rekkjevidda.
– Det er jo berre heilt fantastisk flott at så mange deler videoen, seier fylkesleiaren.
Statistikk frå Statens vegvesen viser at en tredjedel av forgjengerulykkene skjer i mørket. Halvparten av fotgjengarane som omkom i i perioden 2005 til 2014, brukte ikkje refleks.