Hopp til innhold

Fryktar å bli drapsmann

Bussjåfør Robert Wollmann fekk hjartet i halsen då ein skuleelev dukka opp framfor bussen hans i haustmørket. Han ber innstendig om at foreldre blir flinkare til å ha på borna sine refleks.

Robert Wollmann

Robert Wollmann fortvilar over at manglande bruk av refleks. – Skrekkscenarioet er å køyre på eit barn, seier bussjåføren.

Foto: Privat

I 11 år har småbarnsfar Robert Wollmann jobba som bussjåfør. Kvar morgon set han seg bak rattet for å skysse elevar i Valldal i Norddal kommune til skulen og om hausten har han alltid i bakhovudet at det er vanskelegare sjå. Måndag morgon fekk han seg ei skrekkoppleving.

– Då var det full brems

Då han kom køyrande til Valldal sentrum såg han plutseleg ein barneskuleelev som stod inntil ein hekk i vegkanten. Eleven hadde ikkje på seg refleks.

Refleks og fotgjengere

Refleks kan vere avgjerande for om ein bilist ser ein fotgjengar i haustmørket

Foto: Jørgen Schyberg / Trygg trafikk

Heldigvis visste Wollmann at eleven brukte å gå til skulen saman med ein annan elev og byrja med ein gong å speide.

– Åj, kvar er den andre, tenkte eg. Akkurat då kom ho springane inn framfor bussen. Då var det full brems.

– Ein får ikkje tid til å reagere før det har gått ei stund. Då byrjar ein å tenkje etter kva som kunne ha skjedd.

Les også:

– Foreldre må skjerpe seg

Sjølv om det har vore mykje fokus på at både unge og vaksne som ferdast i trafikken må vere meir synlege, ser bussjåførar ofte skuleelevar etter vegane utan refleks, seier Robert Wollmann.

– Skrekkscenarioet er å køyre på eit barn. Sjølv om eg ikkje har sett barnet i det heile tatt, blir det min feil.

Opplevinga i Valldal måndag morgon gjorde at han la ut eit innlegg på Facebook seinare på dag, for å få folk til å forstå at dei må bruke refleks:

Robert Wollmann
Foto: Skjermdump frå Facebook

Bussjåføren håper foreldre skjerpar seg, slik at ein unngår ulykker.

Trygg trafikk

Så mange som 55 prosent av bilførarar og passasjerar i Noreg har opplevd å nesten køyre på ein fotgjengar i mørket, ifølgje Eirik Hartmann i Trygg Trafikk.

Distriktsleder i Trygg Trafikk, Erik Hartmann.

Erik Hartmann er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg forstår godt at det er ein fortvilande situasjon for bussjåførane, som kan verte både provoserte og redde over å sjå små skuleelevar gå i mørkret utan refleks. Det er skikkeleg ekkelt.

Nestenulykka i Valldalen skjedde berre fire dagar etter at den nasjonale refleksdagen vart arrangert, men Hartmann trur likevel at slike kampanjar hjelp.

– Eg trur dei er avgjerande, for vi har sett ei betring i refleksbruken dei siste åra. Likevel er det altfor få som bruker refleks.

– Haustmørket kjem vel brått på

Alle førsteklassingar skal ha fått utlevert refleks ved skulestart, seier bussjåfør Robert Wollmann i Valldal, og ber foreldre om å kike djupt ned i alle skuffer og skåp.

– Eg trur foreldra har det så travelt i kvardagen at dei gløymer å ha på ungane sine refleks. Haustmørket kjem vel like brått på folk som snøen, men både born og vaksne bør bruke refleks!

EN13356.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL