Hopp til innhold

Bomma på ferjekaia med 200 meter

Bilferja Kvernes grunnstøytte ved ferjekaia i Hundeidvika i Sykkylven. Ferja står på ein sandbanke, og fjøre sjø gjer det vanskeleg å trekkje ferja av grunn.

Kvernes

PÅ GRUNN: M/F Kvernes står fast på ein sandbanke og det er ikkje mogleg å trekkje ho av før det vert flo sjø igjen i 23-tida i kveld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ferja gjekk på grunn like ved ferjekaia ved Hundeidvika kring klokka 15:30 i ettermiddag.

  • TIPS OSS: Er du i området, send oss bilete på mr@nrk.no

Det er sju passasjerar og sju bilar om bord. I tillegg til eit mannskap på fire. Ingen personar eller bilar vart skadde, opplyser Anker Grøvdal, administrerande direktør i Fjord 1 MRF.

Kvernes

GRUNNSTØYTE: Rett etter 15:30 tysdag ettermiddag gjekk ferja på grunn, 200 meter bortanfor kaia i Hundeidvika.

Foto: Odd Arne Bøe
Kvernes

FJØRE: Klokka 18:00 var det full fjøre, og ikkje før det vert flo sjø kan ein trekkje ferja av grunn.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Kvernes på grunn

TETT PÅ LAND: Ferja grunnstøytte tett opp mot land.

Foto: Odd Arne Bøe

– Ho står på ein sandbanke, og det er venta full fjøre klokka 18:00. Og det vert vanskelegare å trekk ho av dess lenger me ventar, seier Grøvdal til NRK.

Grøvdal seier dei vil vente med å trekkje ferja til det vert flo sjø.

– Betyr det at det er eit vanskeleg arbeid å få trekt ferja av?

– Nei, slik ho står på grunn skal ikkje det vere så vanskeleg. Det vart gjort eit forsøk på bakke ho av rett etter grunnstøytinga, men det gjekk ikkje, seier Grøvdal.

LES ÒG:

– Korleis var stemninga om bord?

– Det er klart at både passasjerar og mannskapet blei prega av grunnstøytinga. Dette er ingen ønskesituasjon, men det var ikkje snakk om dramatikk om bord. Dei sju passasjerane og mannskapet på fire tek det med fatning, seier Grøvdal.

Dykkarar skal undersøkje skroget

Alle passasjerane er brakt i land med redningsbåten som er om bord på ferja.

Klokka 1930 skal dykkarar gå ned og sjekke kva skader ferja har fått.

– Det er ikkje oppdaga lekkasjar enno, fortel Anker Grøvdal.

Utover kvelden vert det gjort forsøk på å trekkje ferja av grunnen. For at det skal gå må det vere nok sjø rundt. Klokka 18:00 var det full fjøre.

Fleire ulukker – ingen gode forklaringar

Video M/F Kvernes grunnstøyte

VIDEO: Sjå video frå då ferja prøvde å bakke seg av grunn tysdag ettermiddag. (Foto: Odd Arne Bøe)

Dette er ikkje første gongen det har skjedd eit uhell på denne ferjeruta. Tidlegare i haust vart skipparen skadd då ferja krasja i kaia. Og på dagen for seks år sidan gjekk bilferja «Voksa» på grunn i Hundeidvågen ved Hundeidvik. Den gongen hadde skipsføraren sovna.

– Dette er ikkje første gong det er vanskar ved ferjekaia i Hundeidvika, det har vore fleire episode. Kva er grunnen til det?

– Det er ikkje eit spesielt vanskeleg anløp ved ferjekaia her. Området er oversiktleg og greitt. Så me har ingen gode forklaringar på kvifor ferja gjekk på grunn akkurat der, men det vil me sjølvsagt finne ut av så snart som råd er, seier Grøvdal.

LES ÒG:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Vert undersøkt for promille

Politiet vil rutinemessig ta promillekontroll av mannskapet, fortel Fjord 1 MRF.

Sjøfartsdirektoratet er varsla om uhellet frå Fjord 1 MRF og Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og Havarikommisjonen er òg orienterte, opplyser politiet på Sunnmøre.

Årsaka til at ferja var ute av kurs og grunnstøytte er ennå ikkje kjent.

Ferja som går i rute mellom Hundeidvika–Festøya er innstilt inntil vidare, og det vert jobba med å få på plass ei erstatningsferje. Fjord 1 MRF opplyser tysdag kveld at ruta kjem i drift frå klokka 05:50 onsdag morgon.