Hopp til innhold

Skal få kvinnene til å svinge golfkølla

Norges golfforbund vil ha fleire kvinner inn i sporten. Målet er å rekruttere nye toppspelarar og samtidig ta vare på dagens spelarar.

Anja svinger kølla, nå slag, diverse bilder fra golfbana, Anja får klem, golfspillere putter

Sjå tv-saka: Anja Solevågseide skal leie nytt satsingsprosjekt i Norges Golfforbund. Foto/redigering: Øyvind Berge Sæbjørnsen.

Golf er eigentleg ikkje ein vintersport, men nokre er meir ivrige enn andre. På ei av banene til Aalesund Golfklubb er nokre golfarar framleis i gang sjølv om kalenderen har bikka desember.

Anja Solevågseide

Anja Solevågseide er klar for å ta fatt på nye oppgåver.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Nerdane kan halde på heile året, seier ei lattermild Anja Solevågseide medan ho svingar golfkølla.

Solevågseide har spelt golf i ti år, og har vore dagleg leiar i Aalesund golfklubb dei siste seks åra. No skal ho bruke entusiasmen sin til å rekruttere fleire kvinner inn i sporten.

– Eg har eit brennande engasjement for å auke talet på kvinner frå rundt 24%. Eg veit ikkje kor høgt tall eg vågar å håpe på, men pila skal i alle fall peike oppover, seier ho.

Vil få fleire kvinner inn i golfsporten

No skal ho ta fatt på nye oppgåver. Golf blir ofte oppfatta som ein idrett for godt vaksne menn. Som prosjektleiar i Noreges Golfforbund får Solevågseide oppgåva med å ta vare på dei kvinnelege golfspelarane og samtidig skaffe nye spelarar, særlig kvinner.

Jan Petter Albertsen

Det meiner Jan Petter Albertsen, medlem i Aalesund golfklubb, er på høg tid at det blir satsa meir på kvinnelege golfspelarar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det meiner Jan Petter Albertsen, medlem i Aalesund golfklubb, er på høg tid.

– Eg vil at norske kvinner skal bli like gode i golf som dei er på ski. Noregs beste golfar er jo trass alt ei kvinne, så det er stort potensial, seier han.

Sjølv om medlemmane i Aalesund golfklubb synest det er trist å miste den daglege leiaren, meiner dei at Solevågseide har ein viktig jobb framfor seg.

– Ho er ein person som har energien og pågangsmotet til å få det til, seier Albertsen.

I februar skal Solevågseide ta fatt på det nye prosjektet sitt. Den nye prosjektleiaren får eit stort ansvar, men har stor tro på å lykkes.

– Fleire og betre kvinner og golfspelarar er målet, seier ho.