Hopp til innhold

Mållaus etter absurd og historisk golfrunde: – Slik ein berre kanskje gjer på Playstation

Golfrundar på under 60 slag kjem sjeldan. Torsdag skreiv Cristóbal del Solar historie med ein 57-runde på nivået under PGA-touren.

Cristobal del Solar 57

HISTORISK: Det var ingenting som beit på Cristóbal del Solar torsdag. Her frå ei tidlegare turnering.

Foto: AFP

– Det er heilt absurd, sjølvsagt. Det er slik ein berre kanskje gjer på Playstation, seier Viaplays golfkommentator Joakim Mikkelsen.

Torsdag kveld starta også Phoenix Open på PGA-touren, men vel så stort fokus vart det på nivået under – Korn Ferry Tour.

Der leverte Cristóbal del Solar heilt spinnvill golf. Etter 15 av 18 spelte hol var han heile 13 slag under par etter ni birdiar og to eagler.

– Vi er heilt seriøst på «54 watch», skreiv golfforfattaren Shane Bacon på X med tre hol igjen av runden.

Del Solar måtte nøye seg med par på dei siste tre hola, men dermed blei det ein runde på 57 slag. Aldri tidlegare har nokon hatt så låg score på ein runde på høgaste eller nest høgaste nivå til dei store golftourane.

Tidlegare har det også vore ein 57-runde på Alps Tour, nivå tre tilhøyrande Europatouren. Det var på ein bane der par var 68.

Nummer 259 i verda

– Korleis er det mogleg, Mikkelsen?

– Det som kanskje er verd å merke seg for folk flest er at dette er nummer 259 i verda. Det er eit bevis på kor enormt djupt det er i profesjonell golf, når folk som dei aller fleste aldri har høyrt om leverer ein slik historisk runde, seier Mikkelsen om chilenaren.

– Det høyrer med at ein isolert score er vanskeleg å sette opp mot kvarandre. Det er ein ganske kort bane som for proffane blir ganske enkle, men 57, du skal framleis gå det. Det viser kor vanvitig høgt nivået er på nivå to i USA, seier Mikkelsen vidare.

Joakim Mikkelsen

EKSPERT: Joakim Mikkelsen kommenterer turneringar på øvste nivå for Viaplay.

Foto: Tordis Gauteplass

Den totale lengda på banen er 5718 meter.

– Ja, banen er kort og vi speler i høgda, men du må framleis klare å gjere det. Du må gå ut der og gjere birdiar, seier Del Solar til NBC.

Chilenaren seier han aldri har gått under 60 slag tidlegare og at han sjølv ikkje hadde heilt oversikt da han kom inn på det siste holet til banen.

– Eg spurde caddien min, korleis ligg vi an? Han såg på meg og sa: «Eg veit ikkje, sjå på scorekortet. Eg veit ikkje». Eg visste eg ville gå under 60, men eg visste ikkje akkurat kva, seier han.

Julie Boysen Hillestad og blodig mann, the open 2023

Norgesmester skremt av blodige scener: – Livsfarlig om man er uheldig

Spelte med nordmann

Ein som fekk oppleve runden på nært hald var Kristoffer Ventura. Nordmannen spelte saman med Del Solar og leverte sjølv ein strålande runde på 62 slag, åtte slag under par.

– Korleis trur du det var for Ventura å gå ein slik runde, og samtidig sjå spelepartnaren levere på han måten?

– Det trur eg berre han heldt på å le seg i hel av. Når du går åtte under par, da styrer du som regel showa i gruppa di og folk tar av seg hatten for deg. Og så er du fem slag bak ein annan, seier Mikkelsen humrande.

– Du må berre le av det. Det er profesjonell golf i eit nøtteskal. «Kva gir du meg eigentleg her? Her går eg åtte under og så får eg grisedeng».

Kristoffer Ventura

SPELTE BRA: Kristoffer Ventura leverte svært bra torsdag, men blei likevel sett i skuggen av Cristóbal del Solar. Nordmannen har tidlegare spelt på PGA-touren og kan komme tilbake dit gjennom gode prestasjonar på nivået under.

Foto: Reuters

– Det er teikn på at ein iblant drar kvarandre opp når ein speler med nokon som gjer det bra. Eg trur ikkje akkurat det var dårleg stemning i den gruppa, seier Mikkelsen.

Turneringa i Colombia blir spelt på to ulike banar. Dei tre resterande rundane skal Del Solar og Ventura spele på ein annan bane i den colombianske hovudstaden.

– Det er jo eit kjempeavvik frå normalen når ein går ein slik runde. Du kan jo aldri drøyme om å følge det opp. Det vil justere seg, seier Mikkelsen.

– Eg prøver å gjere rutinen min. Eg veit at eg akkurat gjekk ein 57-runde, ein utruleg runde, men det er den første dagen av turneringa, seier Del Solar nøkternt.

Etter dag éin held det til ei leiing på fire slag ned til Brian Campbell og Michael Johnson. Ventura ligg på ein delt fjerdeplass.

Siste nytt

  • Dramatisk kollaps: – Det så veldig skummelt ut

    Ayal Dagnachew fra Etiopia løp inn til andreplass og ny personlig rekord på 5000 meter under Diamond League-stevnet i Shanghai lørdag.

    Et svært sterkt løp av 22-åringen, men etter målgang oppsto det dramatikk.

    Dagnachew gikk i bakken og ble liggende på dekket på friidrettsdekket i den kinesiske storbyen.

    – Hun virker å ha svimt av. Gidey og de andre forsøkte å hjelpe, og det tok lang tid før det medisinske personellet kom. Vi får håpe det går bra, forteller kommentator Jann Post om kollapsen.

    – Det så veldig skummelt og dramatisk ut, supplerte medkommentator Christina Vukicevic Demidov.

    Det er ikke kjent hva som forårsaket kollapsen, men etiopieren skal være på bedringens vei.

    Følg Diamond League-stevnet på NRK 1.

    k8Vns6iHsRk
    Foto: AFP
  • Norsk VM-bronse i curling

    Curlingekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten slo Sveits 6-5 i en spennende bronsekamp i VM blandet lag i Östersund.

    Dermed ble det igjen medaljejubel for paret som fra før har tatt sølv og bronse i både VM og OL.

    Skaslien og Nedregotten løftet seg etter fredagens semifinaletap mot Estland og vant den tette kampen mot sveitserne.

    Den norske duoen avgjorde mye da de tok tre poeng i femte omgang og dermed tok ledelsen 5-3. Sveitserne tok ett poeng i hver av de to neste omgangene, og dermed kunne Skaslien og Nedregotten kontrollere inn seieren med sistestein i den avgjørende omgangen.

    (©NTB)

    597pS7pqseA
    Foto: AP
  • Roing: Juel og Solbakken til A-finale i EM

    Jonas Juel og Erik Solbakken skal kjempe om EM-medaljer i dobbeltsculler i ro-EM i Ungarn.

    De to nordmennene er klare for A-finale i sin klasse etter å ha blitt nummer tre i semifinalen lørdag. 3.-plassen holdt akkurat til å gå videre til A-finalen, men til gjengjeld var avstanden ned til 4.-plasserte Frankrike nesten tre sekunder.

    Tysklands Jonas Gelsen og Marc Weber vant semifinalen foran en italiensk båt. Juel og Solbakken ble slått med snaut ni sekunder av vinnerbåten.

    Juel og Solbakken er tatt ut til EM på bekostning av Oscar Helvig og Kristoffer Brun. De to sistnevnte har sørget for at én norsk dobbeltsculler er kvalifisert for OL i Paris, og det er ennå ikke avklart hvilken duo som får konkurrere der.

    I verdenscupregattaen i italienske Varese nylig var Juel/Solbakken sju tidels sekund raskere enn Helvig/Brun da de norske båtene var i samme oppsamlingsheat.

    Ro-EM kan du se på NRK.

    (©NTB)

    OhNKv4qQYNk
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal