God generalprøve av Hødd

Hødd gjorde ei god generalprøve då Molde vart slått 2-0 på grasbana på Høddvoll måndag kveld. Geir Televik (bildet) og innbyttar Nils Ottar Sandø laga eitt mål kvar for blåtrøyene som burde ha vunne meir. Molde stilte med sine nest beste spelarar, men det var for det meste A-lagsspelarar som stilte frå start på Høddvoll.

I kampen mot Bodø/Glimt søndag brukte MFK ikkje ein einaste innbyttar. Alle som var på benken mot Glimt var med mot Hødd. MFK stilte med dette laget frå start av: Knut Dørum Lillebakk, Knut Olav Rindarøy, Erlend Ormbostad, Øyvind Gjerde, Martin Høyem, Stian Ohr, Torgeir Ruud Ramsli, John Andreas Husøy, Mitja Brulc, Tommy Eide Møster, Ole Jakob Strandhagen.

Sterkt Hødd-lag

Hødd stilte med dette laget frå start: Øystein Vik Myklebust, Einar Braut, Thomas Gjørtz, Georg Aursnes, Kenneth Giske, Tor Einar Leira, Andre Nevstad, Tommy Sylte, Kristoffer Tollås, Stig Haugland, Geir Televik. Innbyttarar: Nils Ottar Sandø, Erik Sandal, Anders Vaagen, Johnny Nerbø. På Hødd mangla berre Øyvind Halkjelsvik (framleis skadd) og Finn Erik Stavseng (eksamen).

Hødd hadde fleire gode sjansar og burde ha vunne meir enn med to mål. Særleg etter pause viste Hødd mykje bra fotball mot eit Molde-lag som ikkje skapte all verda. Molde sin hovudtrenar, Bosse Johansson, såg kampen frå tribunen medan Knut Hallvard Eikrem leia laget frå benken.

Televik og Sandø

Nils Ottar Sandø Foto:Arne Flatin.

Nils Ottar Sandø Foto:Arne Flatin.

Geir Televik heada inn 1-0 like etter pause på eit fint innlegg frå Kristoffer Tollås frå venstresida. Nils Ottar Sandø misbrukte ein stor sjanse til å auke til 2-0 då han heada like utanfor frå kort hald. Like etter gjorde han det godt att då han smelte inn 2-0 like innanfor 16-meteren.

Siste video/lyd

Evakuerte frå området ved fjellet Mannen i Rauma håper skredet kan gå i løpet av kort tid, slik at dei kan kome tilbake til eit normalt liv. Ekspertane trur fjellpartiet kan losne i neste veke.
Søndag kan Kristiansund styrke sjansane sine til opprykk til Eliteserien når Hødd kjem på besøk i 1.divisjon i fotball. Ei optimistisk klubbleiing håper på publikumsrekord, medan trenaren enno ikkje vil snakke verken om opprykk eller tabellplassering.
Tre menn og ei kvinne er varetektsfengsla i fire veker etter at ein mann vart funnen død i eit hus i Spjelkavik tysdag. Det oppstod brann i huset men politiet opplyser at vald var dødsårsaka.