Hopp til innhold

Fruktbar ålesunder redda Sverige

I midten av januar skjedde det ein historisk fødsel ved Lysekil i Sverige.

Piggskatebabyer

Denne vesle piggskatebabyen er den første piggskata som har blitt fødd på «Havets Hus» i Lysekil.

Foto: Havet Hus i Lysekil

Det var i samband med den nordiske akvarist-konferansen, som vart arrangert av Atlanterhavsparken i mars 2015, at akvaristar frå det svenske «Havets Hus» i Lysekil fekk med seg eit haneksemplar av ein piggskate tilbake til Sverige.

– Vi samarbeider ofte på denne måten og delar fiskar med kvarandre. Sverige hadde berre hoeksemplar og vi har mange hannar å ta av, så då fekk dei ein av oss, seier Rune Veiseth, driftsleiar ved Atlanterhavsparken.

Det tok ikkje lang tid før det oppstod kjemi mellom ei piggskatefrøken frå Lysekil og den sjarmerande hannpiggskate frå Ålesund. Og i januar kom resultatet.

– No svømmer det rundt ein historisk piggskatebaby med sunnmørsk blod i årane. Forhåpentlegvis blir han til stor glede for besøkande ved Havets Hus, seier Veiseth.

Svært viktig

Dette er første gong ein piggskate har blitt fødd på Havets Hus, og det er eit viktig steg i akvariet sitt bevaringsarbeid for å kunne bevare, fø opp og sette ut piggskater. I motsetnad til i Noreg er piggskata nemleg på raudlista over truande fiskeartar i Sverige.

Rune Veiseth

Rune Veiseth er driftsleiar ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Det er ikkje ofte desse vert fødd i fangenskap, så dette er ei svært gledeleg nyheit, seier Veiseth.

Hoa legg ei stor mengd egg, som alle er omgitt av ein læraktig eggkapsel med fire krøllete festetrådar. Det er desse egga som vert befrukta av hannen. Etter at egget er befrukta, må piggskatebabyen klare seg sjølv. Veiseth håpar at akvariet i Sverige greier å få opp den nye verdsborgaren.

– Piggskatebabyen er avhengig av naturleg tilgang på mat, og det er ikkje alltid like lett i fangenskap. Piggskaten får ingen hjelp av mora, og er difor avhengig av dei tilsette ved akvariet for å få nok mat, seier han.

No ser han fram til å kunne følgje utviklinga til piggskaten.

– Det blir utruleg spennande, seier han med eit smil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL