NRK Meny
Normal

Pigghåar fødde i fangenskap

På Atlanterhavsparken i Ålesund skjedde det ein noko uvanleg fødsel denne veka.

Pigghåbabyar svømmer rundt på Atlanterhavsparken i Ålesund.

Sjå videoen av dei nyfødde pigghåborna som vart fødd på Atlanterhavsparken denne veka. FOTO/REDIGERING: Hans-Olav Landsverk.

– Det er ganske uvanleg at haiar føder i fangenskap, fortel Tommy Vangsmo ved akvariet i Ålesund, og visar fram dei nye pigghåborna som vart fødd på Atlanterhavsparken denne veka.

Pigghåen er den vanlegaste haiarten i Noreg, og er utbreidd langs heile norskekysten. Den lever vanlegvis på djup heilt ned til 400 meter og opptrer ofte i stimar på fleire tusen individ.

Hoene blir opp til 160 cm og kan vege over ni kilo, medan hinnene som regel blir 90 cm lange og veg mellom 6–7 kilo.

Vart fanga i ei fiskeline

Tommy Vangsmo

Tommy Vangsmo ved Atlanterhavsparken viser fram dei nye pigghåborna som vart fødd denne veka.

Foto: Hans-Olav Landsverk / nrk

Pigghåen blei plassert i kategorien «kritisk trua» på Norsk raudliste i 2006, og er kategorisert som «sårbar» på verdsbasis.

Pigghåane som nyleg fødde fleire pigghåborn ved Atlanterhavsparken i Ålesund kom til akvariet etter at dei hadde blitt fanga i ei fiskeline under ein fisketur.

Fiskaren leverte dei så til Atlanterhavsparken der dei kunne bli tatt vare på.

– Pigghåane hadde sikkert trekt inn mot kysten for å sleppe ungane då dei vart fanga. Dei var allereie drektige når vi fekk dei, så det er det som er årsaka til at borna vart fødd i fangenskap, seier Vangsmo.

Pigghåen kan føde mellom 4–12 ungar, og slepper dei ut etter kvart som dei blir ferdig utvikla. Ved fødsel er pigghåen om lag 20–33 cm lang.

– Det er ganske spesielt å sjå. Du kjem tett inn på noko du sjeldan ville sett ute i naturen, seier Vangsmo.

Skal følge nøye med

Pigghåborna blir som regel overlatne av mora til å klare seg sjølv etter fødsel, men Vangsmo fortel at dei vil halde eit godt auge med dei nye tilskota.

– Så langt ser det ut som dei trivst, men det er enno tidleg, seier han.

Han trur den største utfordringa med pigghåar som blir fødd i fangenskap er å sørge for at dei får rett og tilpassa mat til dei ulike stadia.

– Det blir spennande å sjå om dei greier å skaffe mat sjølv eller om vi må mate dei, seier Vangsmo.