Ålesundskvinne vann over finansrådgjevar

Ålesundskvinna blei overtalt til å investere 500 000 kroner i usikre spareprodukt. No har ho vunne over finansrådgjevaren i retten.

Det var i 2007 at ei kvinne frå Ålesund fekk tilbod om å investere i spareprodukt via den finansielle rådgjevaren. Kvinna var på møte saman med sambuaren sin som allereie hadde investert hos mannen.

Kvinna var med på møtet, fordi ho hadde signert dokument som medforpliktar, i ein avtale frå 2003.

Lovstridig rådgjeving

Hovuddelen av møtet handla om sambuaren sine investeringar. Men når dette vart ferdig, vende finansrådgjevaren seg til kvinna med spørsmål om ikkje også ho ville investere.

Rådgjevaren er dømd på bakgrunn av rådgjevinga. Domen tek i mindre grad stilling til sjølve produkta, sjølv om retten også valde å sjå på risikoen i investeringane.

Trond Svinø - Trond Svinø representerer Ålesunds-kvinna. Han trur det blir mange slike saker. - Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

Trond Svinø representerer Ålesunds-kvinna. Han trur det blir mange slike saker.

Foto: Maria Therese Mostrøm / NRK

– Dommen går på finansrådgjevaren direkte, og ikkje på selskapet han representerte. Dette er ein av dei første domane, der det er rådgjevaren som blir stilt til ansvar direkte, seier advokat Trond Svinø.

Kvina blei overtalt til å investere i garanterte produkt, der ho uansett skulle få tilbake det ho investerte. Det einaste ho kunne tape var rentekostnadene for finansieringslånet.

– Kan ikkje gøyme seg bak selskap

Inveseringspakken innebar at pengane blei sett i selskap i Aust-Europa og Latin-Amerika, i Inda, Kina og Russland. Retten ser det som sannsynleg at investeringane hadde høg tapsrisiko, og at pakken var vanskeleg å forstå for folk som ikkje har avansert kunnskap og erfaring.

– Det er viktig å vise at rådgjevarane er ansvarlege for dei råda dei gjev. Dei kan ikkje lenger berre gøyme seg bak eit selskap, seier Svinø.

Under kontraktsinngåinga kryssa kvinna også av for at ho ikkje hadde fått nok informasjon til sjølv å kunne bedømme kva risiko produktet innebar. Retten anslår også at det berre gjekk under ein time frå ho fekk høyre om produktet første gong til avtalen var underskriven.

– Blir fleire slike saker

Advokat Trond Svinø trur det kan kome fleire slike saker i retten. Mange har tapt pengar, og i fleire tilfelle har finansieringsselskapa gått konkurs. Dermed er det viktig å legge ansvaret på dei enkelte finansrådgjevarane, seier han.

– Mange har tapt pengar. Og det er mange rådgjevarar som sit med eit ansvar for dette. Dette blir nok eit tema som det blir meir av i retten, seier Svinø.

Retten har lagt vekt på at det var finansrådgjevaren som tok initiativ til at kvinna skulle gå inn i denne marknaden. Også den korte tida frå presentasjon til avtaleunderskriving blir tillagt vekt. Finansrådgjevaren skal også ha vist til andre sin suksess med slike finansieringsprodukt, på ein måte som er salsfremjande, utan å noko grunnlag for å vurdere nokon risiko.

Advokat Trond Svinø seier dette er eit eksempel på feil produkt som er seld til feil person, på feil måte.

– Det har vore seld svært dårlege produkt, og dei er blitt selde til folk som aldri skulle ha hatt dei. Der er mange eksempel på folk som har tapt mykje pengar, seier Svinø.

Finansrådgjevaren må betale kvinna ei erstatning på 89.000,- kroner, og sakskostnader på 30.625,-

Domen er rettskraftig, i og med at anken til Lagmannsretten no er avslått.

Siste video/lyd

Lærerstreiken avslutta.
Ein lengre video om John Osnes (67) som går av etter ein mannsalder som dyrlege på Søre luten.
Lørdag 30. august ble Rønneberg hedret med en statue på rådhusplassen i Ålesund. Aalesunds Museum åpnet en utstilling basert på hans liv - og det på selveste 95 års dagen hans.