Hopp til innhold

Slaktar norske politikarar

Norske politikarar får slakt av Forbrukarrådet. Medan President Barack Obama i USA vann folk sitt hjarte med å tale om forbrukarrettar, så er norske politikarar meir opptekne av å tale næringslivet si sak.

Fotomontasje av partiledere
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Partia er overraskande dårleg på forbrukarpolitikk. Det er lite å hente og veldig upresist, seier politisk direktør Audun Skeidsvoll i Forbrukarrådet.

Audun Skeidsvoll, politisk direktør i Forbrukerrådet

Audun Skeidsvoll, politisk direktør i Forbrukerrådet

Foto: CF Wesenberg Kolonihaven / cf-wesenberg/kolonihaven.no

Han har studert alle dei politiske programma til partia som i dag sitt på Stortinget - for å kåre det beste og dårlegaste forbrukarpartiet.

Velgarmagnet

President Barack Obama brukte forbrukarspørsmål medvite i sin valkamp. I USA slo det godt an hjå veljarane.

– Det er ei gåte at ikkje norske politikarar ser dette. Eit nybygg som lekk frå taket? Røyrleggaren som ikkje fungerar eller gjer jobben sin? Sånne saker skaper stor aggresjon og irritasjon - langt meir enn nokon annan politisk sak. Da er det viktig at politikarane er på bana og lager gode politiske løysningar for forbrukaren, meiner Skeidsvoll.

Han er ikkje i tvil om at det partiet som hadde satsa på dette kunne dratt mange velgarar.

Har ikkje gjort jobben

Han er ikkje sein med å trekke fram saker i Norge som burde vore viktige for partia og siktar mellom anna til alle nordmenn som kasta seg på bølgja med strukturerte spareprodukt.

– 150.000 nordmenn vart selt produkt for over 14 milliardar kroner, eit produkt som aldri burde blitt selt.

– Når ein ser kor viktig dette var i amerikansk valkamp, så er det tydeleg at nokon i Norge burde gjort ein betre jobb.

Verst og best?

Forbrukarrådet har gått systematisk gjennom alle dei politiske programma til partia som sitt på Stortinget. Skeidsvoll understrekar at det er sjølve programma dei har studert, når dei har sett sin dom over verste og beste forbrukarparti.

Verstingane:

Fremskrittspartiet

– Framstegspartiet opplever vi har veldig lite forbrukarpolitikk og det overraskar oss. Det er eit parti som har ein god del saker der det handlar om fungerande marknad og fri konkurranse, men det kjem ikkje klart nok fram og manglar ein forbrukarpolitisk retning.

Senterpartiet
Foto: Skjermdump

Senterpartiet har nesten ingenting om forbrukarpolitikk, bortsett frå at dei vil fjerne moms på frukt og grønt.

– Vi lurer på om Senterpartiet er meir opptekne av dei som blir etne, enn dei som et.

Venstre
Foto: Skjermdump

- Venstre er mest oppteken av fjernkontrollen til folk. Dei ønskjer nemleg at forbrukaren sjølv skal få velje kva kanalar dei skal kjøpe, og ikkje kanalpakkar som det er i dag. Men ut over det er det forsvinnande lite.

Eg vil ikkje utpeike ein klar tapar. Alle desse tre partia gjer ein dårleg jobb for forbrukaren.

Midt på treet

Krf og Ap
Foto: Skjermdump

I mellomgruppa finn vi Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti. Dei er inne på mykje bra, men det er veldig vagt på det konkrete. Vi skulle ønske dei var tydligare. Vi synest jo forbrukarpolitikk er eit område der ein kan vere tydeleg og ha veldig gode konkrete forslag.

Vinnarane

Sosialistisk Venstreparti
Foto: Skjermdump

- Dei vi meiner er best er Sosialistisk Venstreparti og Høgre. SV for at dei er ganske gode på å førebygge neste finanskrise og dei gir gode løysninga for dei som er råka av denne finanskrisa. Dette både på gjeldsrådgjeving og ikkje minst med tanke på dei som har brent seg på dei lånefinansierte strukturerte sparprodukta. Der er SV gode og dei fortene ei palleplassering.

Høyre
Foto: Skjermdump

- Høgre opplever vi er veldig gode på offentlege tenester, både når det gjeld kvalitet og pengar på offentlege tenester. Høgre er også brukbare på maktpolitikken.

Dei set faktisk ballet si dronning i fokus. Det er nemleg vi forbrukaren som bør ha siste ord i maktpolitikken.

Dei snakkar om eit fungerande matmarknad. Konkurranse og oppfølging av leverandørar så vi får eit større og betre utval til ein riktig pris. Det gir god nok grunn til at dei fortenar ein palleplass saman med SV.

- Det er ingen armar i verda på vegne av forbrukaren. Vi synest det er veldig skralt. Så når vi snakkar om palleplassering så er det ein delt tredjeplass. Det er nok ingen som fortenar korkje første eller andre plass.


Skeidsvold meiner norske politikarar tenker langt meir på næringslivet sine interesser enn forbrukarane sine rettar.

– Det er mykje meir fokus på dei som blir etne, enn vi som et. Det er nesten usynleg det som handlar om forbrukaren og hans røyndom. Det er tragisk. Eg er ikkje bekymra for at norsk næringsliv skal gå dårleg, men eg er svært bekymra for kva stilling vi forbrukarar skal ha.


TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)