Skatteetaten har lagt ut listene over kor stor formue folk har, og kor mykje dei har tent og betalt i skatt i 2012.
Reiar Aage Johan Remøy frå Herøy er rikast i Møre og Romsdal, i følgje tal frå skatteoppgjeret 2012, med ein formue på over 534 millionar kroner.
Både inntektslistene og formuelistene viser at det er dei maritime næringane som er grunnlaget for dei største verdiane som viser att i skattelistene.
Rem Offshore
Aage Johan Remøy frå Herøy har bygt opp Rem-konsernet, med selskap som Rem Offshore, Rem Maritime Eiendom, Rem Invest, Rem Norway og så vidare.
Ulstein group
Gunvor Ulstein og Tore Ulstein er kjende industrileiarar frå Ulstein verft og selskap som Ulstein Group og ei rekkje andre selskap, mellom anna innan eigedom.
Olympic shipping
Stig Rune Remøy, som ligg på 6.plass på formuetoppen, er bror til Aage Johan Remøy, og har bygt opp offshore-reiarlaget Olympic Shipping. I Olympic-systemet fins ei rekkje selskap, som Olumpic Havfiske, Olympic Holding og så vidare.
Ohr eiendom
Eigedom ser også ut til å gje store utslag på formuelista. Erik Ohr i Kristiansund ligg nest øvst på formuelista i Møre og Romsdal. Han eig Erik Ohr Eiendom , og er elles involvert i ei rekkje eigedomsselskap både i Kristiansund og andre stader i landet.
Unge rike
På lista over personar med høg formue finn vi også personar som er fødde på 80-talet. Paul Ingebrigt Huse er fødd i 1986, han er son til industrileiar Inge Huse, og står som nummer 23 på lista over Noregs rikaste personar under 30 år. På Møre og Romsdal-lista ligg han på 7. plass, og overgår no far sin Inge Huse på 34.plass.
Overfor NRK stadfester Paul Ingebrigt Huse at aksjane i verksemda I.P. Huse utgjer mesteparten av verdien i skattelista.
Les også:
Her er lista over dei med høgast skattbar formue i Møre og Romsdal i 2012:
Ein skal godt ned på inntektslista før ein finn att dei same namna som står på formuestoppen.
Anko
I Møre og Romsdal hadde Kjell Einar Eliassen frå Haram ei inntekt på 54 214 650 kroner i 2012, noko som er høgast i fylket. Eliassen har fleire firma der alle ber namnet Anko, som driv innan investering i verdipapir og eigedom.
Kjell Einar Eliassen blei kjend då han kunne innkassere store spelegevinstar frå spelselskapet Bettsson.
Ship Equip
Gilles Arild Gillesen starta og selde kommunikasjonsselskapet Ship Equip, og er no registrert med tilknyting til selskap som Gillesen Overseas, Modu Offshore og forskjellige eigedomsselskap.
Også en av de andre partnerne fra Ship Equip, Morten Qvigstad, ligger høyt plassert på listen, mens Esben Flo og Ivar Nesset er plassert et stykke lenger nede.
Advokat
Inge Vidar Strømme, på tredjeplass på inntektstoppen, er advokat med base i Kristiansund. Strømme er partner i det kjende advokatfirmaet Schødt i Oslo.
Her ser du heile oversikta over dei som tente mest i Møre og Romsdal i 2012:
Utflytta moldensar Jo Nesbø er mellom dei som tente mest i Noreg i fjor. På lista over dei 100 som hadde høgast inntekt i 2012 er Nesbø på 26. plass.
Lista er laga på grunnlag av skattedata frå Skatteetaten. Vi gjer merksam på at tala ikkje har vore gjennom eventuell klagebehandling. Dermed kan dei innehalde feil.