Hopp til innhold

Denne dama er rakettforskar i ferien

Sommaren er tida for dei mange leirane. Men akkurat denne leiren skil seg litt frå resten.

Fride Nordstrand Nilsen

Fride Nordstrand Nilsen frå Giske kommune er samla saman med andre ungdommar frå blant anna Luxembourg, Bangladesh og Spania på Space Camp i Nordland.

Foto: Rannveig Marie Færgestad / Team Space Camp

Fride Nordstrand Nilsen (19) frå Valderøya på Sunnmøre er nemleg på Space Camp i Nordland. Og ikkje nok med det – der får ho prøve seg som rakettforskar i ei veke.

23 ungdommar er no samla på Andøya for å snakke om vitskapen, romfart og alt anna som røyrer seg i verdsrommet.

Nerdar lev ut draumen

Ungdommane, som er mellom 16 og 20 år, er plukka frå åtte ulike land. Nordstrand Nilsen seier ho er heldig som får lov å vere med. Sjølv seier ho at dei er ein gjeng nerdar som lev ut draumen.

– Det er veldig kjekt å møte folk som har dei same interessene som meg, seier ho.

Avisa Øy-Blikk omtalte rakettforskaren torsdag.

Nittenåringen har planar om å studere matte og fysikk ved NTNU til hausten – og kanskje er det nettopp romfart som blir hennar felt når utdanninga er over.

– Eg er interessert i romfart og vitskap elles. Men det blir kanskje romfart, det er veldig spennande.

Får skyte opp rakett

I løpet av samlinga skal ungdommane bygge ein modellrakett som dei etter kvart skal sende opp for å så samle inn data.

Men det er endå ikkje avgjort kven som får æra av å trykke på knappen som skyt opp raketten.

– Det er det nok mange som vil, seier rakettforskaren lurt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL