Hopp til innhold

Bru-seier for Kristiansund

Kommunal- og moderniseringsdepartementet opphevar fylkesmannen sitt vedtak som hindrar ein privat utbyggar i å ta rekninga for utbetringa av Meløybrua i Kristiansund.

Bru Kristiansund

Kristiansund kommune får likevel lov til å ta opp eit lån for å renovere Meløybrua.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Robek-kommunen fekk i utgangspunktet avslag frå fylkesmannen til å ta opp eit lån på 20,8 millionar kroner og valde difor å klage inn saka til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som no har oppheva fylkesmannen sitt vedtak.

Godtok ikkje løysinga

Meløybrua i Kristiansund er så dårleg at Kristiansund kommune må renovere den. Problemet er prislappen på 20,8 millionar kroner, noko som var dårleg nytt for den Robek-ramma kommunen.

Kommunen håpte løysinga var ein avtale med Vidar Solli, dagleg leiar i Skorpa eigedom. Han hadde nemleg sagt seg villig til å dekke kostnadane til å bygge den nye brua i Kristiansund. Solli er avhengig av ei ny bru for å kunne sette i gang bygging av 370 bustadtomter på Meløya. Men fordi den gamle brua ikkje toler tungtransport stod prosjektet i stampe.

Ettersom utbyggaren ikkje eigde Meløybrua, fekk dei heller ikkje lån i banken. Dermed måtte kommunen ta opp lånet på vegner av utbyggaren. Ettersom Kristiansund kommune står på Robek-lista må alle lån godkjennast av fylkesmannen, som ikkje var villig til å gå med på denne avtalen.

No har altså Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppheva vedtaket til fylkesmannen.

– Departementet si samla vurdering er at kommunen sitt låneopptak på 20,8 millionar kroner for finansiering av Meløybrua må bli sett på som lån til eigen bruk, som kommunen har heimel for å ta opp etter kommuneloven § 50 nr. 1. Dette inneber at kommuneloven i denne saka ikkje er til hinder for å ta opp det aktuelle lånet, sjølv om kommunen si investering over tid vil bli finansiert med anleggsbidrag frå Skorpa Eiendom AS, skriv dei i vedtaket.

I brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet står det at fylkesmannen må vurdere saka på nytt og sjå om det er andre forhold som eventuelt skulle tilseie at låneopptaket likevel ikkje kan godkjennast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL