Hopp til innhold

Lagerbygning totalskadd i brann

Flammane sto opp av taket på ein lagerbygning like vest for Sjøholt i Ørskog måndag morgon. Kraftig røyk seig inn over bygda.

Flammane står no opp av taket på ein lagerbygning like vest for Sjøholt i Ørskog

Kraftig røyk veltar inn over Sjøholt sentrum. Politiet meiner likevel det førebels ikkje er aktuelt å evakuere nokon i området.

Siste: Brannvesenet gjennomføre ei kontrollert nedbrenning av bygningen. Europavegen ved brannstaden blei opna ved 8.45-tida.

Den kraftige røyken la seg som eit teppe over Sjøholt i Ørskog. Det bles vestleg vind, noko som førte røyken austover mot bygda.

Vi ber folk om å lukke vindauga og halde seg innandørs om dei kan, seier Johan Arnt Overøye ved operasjonssentralen ved Sunnmøre politidistrikt.

Brann Sjøholt

Ved 7-tida måndag morgon sto flammane ut av lagerbygningen på Sjøholt.

Foto: Sigve Warholm

Augevitne Monica Breivik har fulgt med frå huset sitt sidan klokka kvart på sju. Då var det berre røyk, like etter klokka halv åtte foraldeho at halve taket på bygningen rasa saman.

– Trafikken er omdirigert og går gamlevegen forbi huset vårt. Røyken står tett, innover Sjøholt sentrum og opp mot Ørskogfjellet, seier Monica Breivik til NRK.

Seinare blei omdirigeringa heva, og trafikken kunne halde fram langs Europaveg 39.

Brann Sjøholt

Slik ser brannen ut, sett frå verandaen til Monica Breivik.

Foto: Monica Breivik

Monica Breivik stadfestaat det like før klokka 8.00 framleis brann kraftig i lagerbygningen.

– Det ser ikkje ut til at brannvesenet skal klare å sløkkje brannen. Flammane har tatt heilt overhand, seier Breivik.

Seinare kunne brannvesenet opplyse at dei var i ferd med å gjennomføre ei kontrollert nedbrenning.

Brann Sjøholt

Europavegen forbi brannstaden var stengd. Store mengder svart røyk vart blesen austover mot Sjøholt sentrum.

Foto: Harald Hjelle

Fredag formiddag steig det framleis røyk opp frå branntomta.

Vi har fått melding om at brannvesenet no er i ferd med å gjennomføre kontrollert nedbrenning. Det er mykje røyk. Politiet er på plass og dirigerer trafikken, seier operasjonsleiar John Kåre Flo til NRK.

Politiet har ikkje fått noko melding om at røyken er farleg.

Brann Sjøholt

Lagerbygningen som brenn ligg like ved E39 som går gjennom Sjøholt.

Foto: Reidar Opsal / Bygdebladet

E39 forbi brannstaden var ein periode stengd. Denne vegen er hovudferdselsåra mellom Ålesunds-distriktet og Romsdal/Nordmøre. Det er også stor trafikk mellom Sunnmøre og Austlandet på denne vegen.

I samband med stenginga blei det skilta omkøyring via Solnørdalen for personbilar. Dette førte til kaos på den smale fylkesvegen.

– Tyngre trafikk må ikkje køyre gjennom Solnørdalen, sa operasjonsleiar John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt då trafikkaoset var på det verste.

Sjøholt

Det blei trafikkaos i Solnørdalen då personbiltrafikken måtte køyre denne strekninga på grunn av brannen. Tyngre trafikk måtte ta den lange vegen om Haram og Vestnes.

Foto: Googlemaps

I samband med brannen på Sjøholt hjelpte vegvesenet politiet for å få løyst trafikkaoset på den smale omkøyringsvegen i Solnørdalen. Vegvesenet reiste ut med skilt og medverka til trafikkdirigering.

Vegvesenet er utplassert på Digerneskrysset for å få tungtrafikken til å køyre via Haram og Vestnes. Dei er også utplasserte på Brastadkrysset i Vestnes.

Klokka 9.00 melder politiet at det er fullstendig stans i trafikken i Solnørdalen. Europavegen er open, men det er framleis mykje bilar på den smale omkøyringsvegen. Hovudårsaka til kaoset er, ifølge politiet, at bilistane ikkje bruker møteplassane på vegen etter føresetnadene. Politiet er på veg og forsøkjer å ordne i situasjonen.