Bøen blei utnemnt i statsråd fredag formiddag, Dette er ei åremålsstilling for ein periode på seks år. Som det heiter i meldinga frå Justisdepartementet så tiltrer Bøen frå det tidspunkt Politidirektoratet avgjer.
Dette har samanheng med at talet på politidistrikt blir redusert frå 27 til 12 frå årsskiftet.
Bakgrunn
Ingar Olav Bøen har vore konstituert som politimeister i Sunnmøre politidistrikt sidan i fjor haust. Han er cand.jur. og har tidlegare vore politiinspektør i politidistriktet. Han har og vore statsadvokat i Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane statsadvokatembeter, og dessutan dommarfullmektig i Ålesund byrett og konsulent ved fylkesskattekontoret i Møre og Romsdal.
– Politimeisteren får ei avgjerande rolle når framtidas politi blir forma, seier justisminister Anders Anundsen (Frp).
Statsråden seier politiet skal bli meir effektivt og moderne, og rusta til å møte kriminaliteten i framtidia.
Det nye politiet
– Meistrane skal vere kulturberarane når politiet skal samlast om felles verdiar og felles identitet. Det er knytt store forventningar til jobben dei nye politimeistrane no skal ta fatt på.
Bøen og dei andre politimeisterane inngår i politidirektørens nasjonale leiargruppe, og får det strategiste leiaransvaret for politidistrikta. Dei skal sørge for rett prioritering på tvers av fagområde og geografi, skriv departementet i samband med utnemningane.