Hopp til innhold

Betydeleg skredfare på Sunnmøre og i Nordfjord

Snøfallet i natt har ført skredfaren opp på nest høgste nivå i skredfareskalaen. Skredfaren er så stor at folk bør unngå bratt terreng. I Noreg er skredfaren størst på Sunnmøre og i Nordfjord no.

Bjørke

Hjørundfjorden er eitt av områda som har hatt stort snøfall det siste døgnet. I fjella her er skredfaren betydeleg.

Foto: Perry Bjørke

Det er store lokale forskjellar, og snømengda varierer frå stad til stad. Nettstaden varsom.no varslar no om faregrad 3 på Sunnmøre og i Nordfjord. Dette inneber at skredfaren er betydeleg. Skalaen inneheld berre eitt steg til, faregrad 4, som inneber stor skredfare.

Det har kome snø på Sunnmøre og i Nordfjord. Der varslar vi no betydeleg skredfare. Her kan folk kome til å løyse ut flakskred i bratt terreng, seier snøskredvarslar Karsten Müller i NVE.

På Nordmøre og i Romsdal er skredfaren moderat. Snøfallet her har ikkje vore så omfattande som lenger sør.

I Romsdalen og i Trollheimen mot Sunndal er skredfaren no moderat. Vi ventar ein auke i skredfaren i samband med snøfall også der. Du får ei tilleggsbelastning på snøen med ein gong det har kome nysnø. Og så tek det litt tid før snøen stabiliserer seg igjen, seier Müller.

I område med faregrad 3, som på Sunnmøre og i Nordfjord, krev ferdsel i skredterreng solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem. Skred kan bli utløyst sjølv ved lita tilleggsbelastning i brattheng.

I område med faregrad 2 kan skred bli utløyst ved stor tilleggsbelastning i brattheng. Men i slike område ventar skredvarslarane ikkje naturleg utløyste skred.

No reknar NVE med at situasjonen stabiliserer seg. Skredfaren blir noko redusert dei komande dagane.

Alt frå tysdag og onsdag blir det berre spreidde byer i desse områda. Men vi gjer merksam på at det er store lokale forskjellar, og nokre område kan ha fått svært mykje nysnø. Nokre område har fått opp i 40cm snø, medan andre område knapt nok har hatt noko nedbør, fortel Müller.

Han legg til at skredfaren kan vere ekstra stor der snøen har kome i samband med kraftig vind.

Men faregraden har ein fallande tendens. Så skredfaren er nede i moderat også på Sunnmøre på tysdag, seier Müller.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL