Hopp til innhold

Her har det gått åtte ras på to dagar

Det er stor rasfare mellom Geiranger og Langvatn. I løpet av laurdag og søndag har det gått heile åtte snøras i området.

Snøras i Geiranger

Laurdag gjekk det fire ras i Geirangerfjellet. Søndag gjekk det fire nye ras.

Foto: Statens vegvesen

Laurdag var vegen over Geirangerfjellet berre opne nokre timar før Statens vegvesen måtte stenge på grunn av rasfare. I løpet av ettermiddagen og kvelden gjekk det fire ras i området og det var difor uaktuelt å opne for kolonnekøyring. Turistbussar som skulle til Geiranger måtte i staden ta lange omvegar.

Fire nye ras

I løpet av søndagen har det gått ytterlegare fire ras.

– Totalt er det åtte ras så langt i pinsehelga. Eit av søndagens ras gjekk over vegen, fortel Erna Varhaugvik i Statens vegvesen.

Det skal ikkje vere folk i området mellom dei to stengt bommane.

LES OGSÅ:

Store snømengder

Det er store snømengder i Geirangerfjellet samanlikna med andre år, og det har lagt ned meir snø i helga. Statens vegvesen vil ta ei ny vurdering om rasfaren er over og om vegen dermed kan opnast att måndag formiddag.

– Vi må sjå an ver og føre og om det legg ned meir snø i natt. Det må vere stabilt i fjellet før vi kan opne og der tar vi ingen sjansar, seier Varhaugvik til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL