Hopp til innhold

Jobbar hardt for å opne Geirangervegen

Statens vegvesen er i full gang med brøytinga av fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langevatn.

Video: Statens vegvesen

Brøytinga av Geirangerfjellet er godt i gong. Sjå dei fantastiske bileta frå brøytinga. Video: Statens vegvesen.

Ei gravmaskin og to store brøytebilar har den siste tida jobba på spreng for å brøyte Geirangerfjellet, og har no passert Djupvasshytta med om lag ein kilometer.

– Vi har framleis nokre km igjen til vegen er opna, men vi er godt i gong med arbeidet, fortel Kåre Andre Berge, kontrollingeniør i Statens vegvesen.

Utfordrande vêr

Likevel er det nokre utfordringar knytt til brøytearbeidet på Geirangerfjellet.

Brøyting geirangervegen

Brøytinga er godt i gong på fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langevatn.

Foto: statens vegvesen

– Det er mykje meir snø i år enn i fjor, og på det meste har vi målt 6 meter høge brøytekantar, seier Berge.

Han fortel vidare at vegen til Djupvasshytta ikkje blir opna med det første på grunn av mykje vind og nedbør den siste tida.

– Målet er å delopne så snart forholda tillèt det og det er forsvarleg for bilar å køyre der.

Skredfare

Brøytemannskapet har også fleire utfordringar knytt til skredfare på strekninga.

– Vi har fleire punkt som er skredutsett og det skapar problem. Stavbrekkfonna har berre delvis rasa ut og det er rasfare i Kvalldalsbotn, seier Berge.

– Men vi er i tett dialog med geologar om desse punkta, og så tek vi vurderinga fortløpande, held han fram.

Likevel meiner han at arbeidet så langt har gått bra.

– Vi har gjort denne jobben i ei årrekke og hadde førebudd oss godt, seier Berge.

Håpar å kunne opne vegen så snart som råd

Normalt opnar denne delen av fylkesveg 63 heilt inn til Langvatn i slutten av mai månad kvart år. Berge fortel at det framleis er for tidleg å seie noko om når vegen vil opne i år.

– Det har som sagt vore meir snø i år enn i fjor, og skredfaren er framleis overhengande. Men vi håpar sjølvsagt å få opna vegen så snart som råd, seier Berge.

– Men vi må vere sikker på at vegen er trygg nok for bilistane før vi kan opne. Det er det viktigaste.