Hopp til innhold

Forren vurderer framtida i Southhampton - har enno ikkje sluppe til

MOLDE (NRK): Han angrar ikkje på at han valde profflivet i England, men null speletid gjer at han må vurdere om det er tid for byte av klubb.

Han andrar ikkje på at han valde profflivet i England, men null speletid gjer at han må vurdere om det er tid for byte av klubb.

Dersom Vegard Forren ikkje snart får speletid på Southamptons førstelag, må han vurdere framtida si der.

SOCCER-EUROPA/ Stuttgart's Ibisevic tries to score against Molde FK's Forren and goalkeeper Pettersen during Europa League soccer match in Stuttgart

Vegard Forren forlét Molde til fordel for proffliv i England.

Foto: MICHAELA REHLE / Reuters

For fire månader sidan forlét Vegard Forren Molde til fordel for Premier Leagueklubben Southhampton. Midtstopparen var ein bauta for Molde dei siste sesongane.

Framleis har han ikkje eitt minutt speletid i England og onsdag vart han vraka av Drillo. 25-åringen angrar likevel ikkje på vala sine.

– Målet mitt var å kome til Premier League og dit har eg kome, seier Vegard Forren.

LES OGSÅ:

Vil kjempe for ein plass

I dag var han i parken i Molde saman med rådgivaren sin, Sverre Eilert Mauseth. Sjølv meiner han at han er god nok til å spele på Southampton og har noko å bidra med på laget.

Han vil halde fram med å kjempe for ein plass, og trivst veldig godt. Men dersom debuten framleis lar vente på seg, må han bestemme seg om han skal skifte klubb.

– Går det for lang tid kan det vere aktuelt med eit utlån eller ein overgang, seier Forren.

Trur valet snart blir tatt

Forrens rådgivar trur valet snart blir tatt.

– Overgangsvindauget opnar 15. juli, og kanskje han i løpet av dei fjorten dagane får ein peikepinn på korleis han ligg an i Southampton, seier Sverre Eilert Mauseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL