NRK Meny
Normal

Forren klar for Southampton

Etter fem og eit halvt år i Molde-drakt er Vegard Forren klar for Southampton og profftilvere i England. Det blei stadfesta på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Vegard Forren

Her poserer Vegard Forren med si nye Southampton-drakt, med nummer 15 på ryggen.

Foto: Erik Waatland / NRK

Mauricio Pochettino

Mauricio Pochettino stadfesta at Vegard Forren er Southampton-spelar.

Foto: Jorge Guerrero / Afp

– Det er ei god kjensle følelse å kome til Southampton og Premier League. Det er noko eg har drøymt om sidan eg var liten gut. Det er litt uvirkeleg at eg står her no, men no har eg fått sjansen, så då får eg berre jobbe hardt framover.

– Korleis påvirka managerskiftet valet ditt?

– Eg var ganske så klar over situasjonen tidlegere i veka og har snakka med både styreleiar og den nye trenaren. Eg var veldig overbevist etter å ha snakka med begge to.

– Det er alltid litt spennande når ein kjem rett frå eliteserien og inn i ein så stor liga som Premier League, men eg har vore med på mykje i år både med landslaget og i europacup, så eg meiner eg har fått testa meg på eit godt nivå allereie. Men eg er førebudd på at det blir ganske tøft, seier Forren til NRK.

Var ikkje på pressekonferansen

Vegard Forren sjølv var ikkje på pressekonferansen fredag. Den dreia seg om den nye trenaren, Mauricio Pochettino.

For tidlegare fredag blei det klart at Nigel Adkins fekk sparken, og argentinske Pochettino tek over.

Likevel blei det stadfesta at Forren har skrive under og er klar for Southampton:

– Overgangen er i boks.

– Han verkar som ein lovande stoppar for framtida. Eg møtte han tidlegare i dag, fortalte Pochettino til det frammøtte pressepublikumet.

Det har altså vore både veker og månader med spekulasjon, men no har Vegard Forren altså blitt Premier League-proff. Han har skrive under på ein 3,5 års kontrakt, og skal delta på første Southampton-trening laurdag.

Lundekvam: – Han blir godt motteken

Claus Lundekvam

Claus Lundekvam er glad for at Vegard Forren endeleg er Southampton-spelar.

Foto: JOHN D MCHUGH / AP

At Forren-avtalen endeleg er i boks gler tidlegare Southampton-spelar Claus Lundekvam.

– Eg fekk signal på at avtalen skulle gå i orden tidlegare i dag. Eg synest det er svært positivt.

Den tidlegare midtstopparen med 357 kampar for klubben er kritisk til trenarskiftet. Likevel trur han det vil gå bra.

– Forren kjem til ein, i mine auge, ambisjonsrik klubb som har veldig gode supporterar.

– Klubben er flinke til å ta vare på spelarane sine, og eg trur han blir godt motteken. At det er ny manager trur eg ikkje har så mykje å seie, avsluttar Lundekvam til NRK.no.

Saka held fram under bildet.

Forren

Vegard Forren har vore blant Molde sine desidert beste spelarar dei siste åra. Før han reiste til Southampton fekk han med seg to historiske seriegull.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Berg Hestad: – Gler meg til å følgje med

Daniel Berg Hestad

Molde-veteran Daniel Berg Hestad trur Vegard Forren kjem til å gjere det skarpt.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

I Molde blei nyheita òg svært godt motteke. Molde-legende og veteran Daniel Berg Hestad synest det er bra at overgangen endeleg kom i hamn.

– Eg trur det er ein bra klubb, og eg håper og trur at han Vegard kjem til å lykkast. Eg veit han er god nok.

Berg Hestad trur ein god start, under ein ny trenar, blir viktig.

Likevel meiner han Vegard Forren kjem langt på éin spesielle eigenskap:

– Den mentale styrken hans er det aller viktigaste, avsluttar Berg Hestad, som gler seg til å følgje Southampton framover.

Forren

Her er Forren under eitt av landslagsopphalda i 2012. Nettopp gode prestasjonar på landslag og i Europa er grunnar til at mange Premier League-klubbar har følgt han tett, meiner Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Takka nei til mange

At Southampton stod først i køen har derimot ikkje vore tema før måndag kveld.

Store klubbar i England, Tyskland, Russland, Nederland og Belgia har vist stor interesse for Vegard Forren, og rykta har vore mange.

Club Brugge og Molde var einige om ein overgang tidlegare i januar, men Forren sa nei. I tillegg skal 24-åringen ha takka nei til ekstremt lukrativ lønn og spel i Zenit St. Petersburg.

For trønderen sjølv har vore klar på at England er den store draumen.

– For meg er Premier League den beste plassen å spele fotball. Det er vi det vi jobbar mot no. Om det ikkje blir noko der, held eg mest sannsynleg fram i Molde, sa Forren til Romsdals Budstikke tidleg måndag.

Saka held fram under bildet.

Vegard Forren

Her er Vegard Forren på flyplassen i Manchester måndag kveld. Han skulle i utgangspunktet til Liverpool for å sjå på forholda, men det gjekk ikkje lang tid før reiseruta blei lagt til Sør-England og Southampton.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Aldri noko bod frå Liverpool

Men så tok det av. Måndag meldte fleire medium at 24-åringen var millimeter frå å signere for Liverpool.

Det blei sagt at Molde hadde akseptert eit bod frå den tradisjonsrike klubben, og det blei hevda at Forren var på veg til England for den medisinske testen.

– Vi har ikkje akseptert noko bod, frå nokon klubb.

Det sa Tarje Nordstrand Jacobsen, administrerande direktør i Molde Fotballklubb. For det viste seg at Forren berre skulle til Liverpool for å sjå litt på forholda.

Same kveld fekk NRK og andre nyss om at Southampton låg langt framfor Liverpool i kampen om Molde-stopparen sin signatur.

Moldes manager Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær har sagt at Vegard Forren blir Southampton-spelar om han sjølv vil. Han har òg meint at pengane ikkje er spesielt viktig for 24-åringen, det sportslege kjem suverent først.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Landskampar og Europa

Men det har ikkje mangla på interesserte klubbar i Premier League. Everton har blitt nemnt hyppigast, men Fulham, Manchester United og Queens Park Rangers har òg mellom andre vore inne i bildet.

Grunnen til enda større interesse i 2012 enn tidlegare er steget Forren har tatt ut i verda, meiner Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

– Vegard har vore solid for oss i Tippeligaen. Men det som utgjer forskjellen for desse Premier League-klubbane som skal kjøpe, er landskampar og Europacup, sa Solskjær til NRK tysdag.

Til slutt blei det altså Southampton, der Forren nok kan gå raskt inn i startellevaren. På måndag kan han få sin første sjanse når Southampton møter Everton.

Ikkje den første

I så fall blir han den sjette nordmannen som spelar i ein kamp for klubben.

Claus Lundekvam har den største karrieren frå Southampton, med 357 kampar og to mål mellom 1996 og 2008.

I tillegg har Jo Tessem (110 kampar, 12 mål), Egil Østenstad (96 kampar, 29 mål), Stig Johansen (6 kampar) og Trond Egil Soltvedt vore i klubben.

Claus Lundekvam

Claus Lundekvam har ei lang karriere i Southampton bak seg. Lundekvam spelte 357 kampar for klubben som midtstoppar.

Foto: Jed Leicester / Pa Photos

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-kveld
4-4-2 Eliteserien fotball: Vålerenga - Brann