Hopp til innhold

AMK-sentralen i Molde blir lagt ned

AMK-sentralen i Molde blir nedlagt, medan AMK-sentralen i Namsos vert halden oppe. Det er klart etter at styret i Helse Midt-Noreg torsdag ettermiddag behandla den framtidige AMK-strukturen i Midt-Noreg.

AMK Molde

AMK-sentralen i Molde blir lagt ned. Det vart avgjort i eit styremøte i Helse Midt-Noreg i torsdag ettermiddag.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) er frustrert over at AMK-sentralen i Molde vert lagt ned, medan AMK-sentralen i Namsos blir verande.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er klart etter at styret i Helse Midt-Noreg torsdag ettermiddag behandla den framtidige AMK-strukturen i Midt-Noreg.

Ville først ha to sentralar

Tre representantar frå Møre og Romsdal stemte for å behalde AMK-sentralen i Molde. Eva Vinje Aurdal ville i utgangspunktet ha berre to sentralar i Midt-Noreg, men ville behalde Molde då det vart foreslått at Namsos skulle bli verande.

Men Aurdal nådde ikkje fram:

– Ja, eg fekk ikkje gjennomslag for det eg meinte var det beste. Det som den faglege arbeidsgruppa tilrår, som Helse Møre og Romsdal og St. Olav tilrår og ambulanseføretaket, er at to AMK-sentralar vil vere det beste for innbyggjarane i Møre og Romsdal.

Styret i Helse Midt Norge behandler AMK-strukturen

Styret i Helse Midt Norge vedtok å legge ned AMK-sentralen i Molde medan sentralen i Namsos blir opprettholdt-

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eit forklaringsproblem

Aurdal ser ikkje at argumentasjonen for å halde oppe det i Nord-Trøndelag er annleis enn å halde oppe det i Molde.

– Slik som situasjonen er i helseføretaket no, så trur eg vi få problem med å kunne forklare at vi skal behalde den i Nord-Trøndelag og legg med den i Molde når vi kjem til Møre og Romsdal, seier ho.

– Vil de då seie at når geografiargumentet vert bringa på bane, så er det like mange gode argument for å halde oppe i Molde som å halde oppe i Namsos?

– Ja, fordi begge deler går på å bevare noko som ein meiner er veldig bra. Eit godt fagmiljø, arbeidsplassar. Det er mange gode grunnar til å ikkje ha forandring, men dersom vi skal ta innover oss det perspektivet at her er det snakk om å gje innbyggjarane for framtida det sikraste og beste alternativet- då meiner eg at vi hadde vore tent med to AMK-sentralar.