AMK-sentralen kan forsvinne - tilsette er rasande

Dei tilsette i Molde er sjokkerte og sinte over forslaget til direktøren i Helse Midt-Noreg.

Sterke reaksjoner mot AMK-nedlegging i Molde

AMK-sentralen i Molde kan bli lagt ned. De 31 tilsette er sjokkerte og skuffa.

Trond Michael Andersen

Direktør i Helse Midt-Noreg, Trond Michael Andersen, foreslår å legge ned AMK-sentralen i Molde.

Foto: Helse Midt-Norge

Kritikken mot Helse Midt-Noreg har hagla for måten dei har handtert saka om naudnettet og AMK-sentralane. Før det vart avgjort kor mange slike sentralar Møre og Romsdal skulle ha, fekk Ålesund 40 millionar kroner til nye lokale. Mange meinte at prosessen var uryddig og at ein dermed hadde bestemt seg for å satse på Ålesund og legge ned i Molde

Vil legge ned i Molde

No føreslår administrerande direktør i Helse Midt, å legge ned sentralen i Molde. Ein AMK-sentral i Ålesund bør betene heile Møre og Romsdal, meiner han. Forslaget om nedlegging kom første gong i april 2011. Grunngjevinga den gong var at det var naturleg å ha berre ein AMK-sentral i fylket fordi Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal vart slått saman.

Sinte tilsette

Oddbjørn Tomren

Seksjonsleiar Oddbjørn Tomren reagerer på at dei ikkje har fått seie meininga si.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dei 31 tilsette ved AMK-sentralen i Molde er både frustrerte og sinte. Dei føler at det vert stilt spørsmålsteikn om dei har kompetanse nok.

– Dei kjenne seg ikkje att. Vi har dokumentasjon på at vi kanskje er best i Helse Midt-Noreg, seier Oddbjørn Tomren.

Han er seksjonsleder for akuttmottak og AMK ved Molde sjukehus og reagerer på at dei tilsette ikkje har fått sagt si meining. Han lurer på kor gode faglege vurderingar som er gjort med å ha ein stor AMK-sentral.

Trist å miste arbeidsplassen

Bjørg Indbjør

Bjørg Indbjør likar ikkje tanken på å miste arbeidsplassen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Bjørg Indbjør er operatør på AMK-sentralen og har hatt den jobben i mange år. Ho likar ikkje tanken på å miste arbeidsplassen sin.

– Vi er sjokkert alle saman og vi har ingenting vi skulle ha sagt, seier Indbjør

Ho meiner det er viktig å oppretthalde AMK-sentralen i Molde for å gi best mogleg tilbod til lokalbefolkninga.

AMK-sentralen får mykje støtte hos ambulansepesonellet. ars Ivar Hønsvik køyrer ambulanse i Molde og heller ikkje han likar forslaget om nedlegging. Han føler at det ikkje er bra for lokalsamfunnet.

– Det er dyktige folk som jobbar her, seier Hønsvik.

Ynskte debatt

At AMK i Ålesund plutseleg fekk 40 millionar kroner til nye lokale, overraska mange. Styret i Helse Møre og Romsdal har vore klare på at dei ville ha ein strukturdebatt, før det vart løyvd pengar. I dag vil ikkje styreleiar John Harry Kvalshaug svare på om han vart overraska over direktøren sitt forslag.

– No er toget for strukturdebatt gått og vi får ei sak til uttale. Den skal endeleg avgjerast i november, seier Kvalshaug.

Trur du det er bestemt allereie at det berre vert ein AMK-sentralen og at den ligg i Ålesund?

John Harry Kvalshaug

John Harry Kvalshaug, styreleiar i Helse Møre og Romsdal, seier at dei skulle hatt ein strukturdebatt før eit vedtak blir gjort.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg vil ikkje gi meg ut på å tru. Eg vil avventa sakshandsaminga og dei anbefalingane som vert gitt, seier Kvalshaug.

Saka skal avgjerast i november.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.