Hopp til innhold

– Noreg er eit land som har råd til å ta imot fleire flyktningar

Syriske flyktningar gler seg over at Noreg truleg vil ta imot fleire. Det går mot fleirtal for å ta imot ti tusen syriske kvoteflyktningar.

Det går mot fleirtal på Stortinget for å ta imot ti tusen syriske kvoteflyktningar.
Flyktningane som bur her i landet er glade for den politiske viljen til å la fleire landsmenn få starte eit nytt liv

Arwa Awad seier ho fekk ein ny sjanse då eit helikopter redda henne frå Middelhavet under reisa frå Libya til Italia.

I Brattvåg i Møre og Romsdal følgjer Arwa Awad med på kva som skjer i Syria. Dagleg ser ho TV-innslag om krigshandlingane i heimlandet sitt.

Ho har framleis slektningar i det krigsherja landet. Ho trur ikkje slektningane har nokon planar om å flykte frå landet.

Slektningane mine treng pengane dei har til mat. Dei har ikkje nok pengar til å kome seg ut, seier ho.

Men straumen av flyktningar frå Syria er stor. Og ho er glad for at Noreg no truleg vil ta imot endå fleire flyktningar frå Syria.

Folket i Syria er i ein vanskeleg situasjon. Dei treng hjelp. Sjølv om krigshandlingane skulle minke er der framleis lite mat å få tak i.

Noreg er i stand til å hjelpe. Noreg er eit land som har pengar og kan vere med på å gje flyktningar eit godt liv. Her er det mogleg å studere og å starte livet på nytt, seier Arwa Awad.

Ho bur i Haram kommune. Denne kommunen har teke imot mellom 15 og 20 flyktningar kvart år dei siste åra. Dette har ført til ein tilvekst i folketalet på over 400 personar.

Arwa Awad flykta frå Syria saman med systera si for om lag eitt år sidan. Først reiste dei til Libya. Deretter reiste dei i ein liten båt til Italia. Det heldt på å gå gale.

Der var forferdeleg. Båten stoppa. Og det var like før vi drukna. Men heldigvis kom det eit helikopter som berga oss. Det var som å få ein ny sjanse. Det var ein heilt spesiell augneblink som eg aldri kjem til å gløyme, seier ho.

No har dei starta det nye livet sitt i Brattvåg. Og ho kan på nytt byrje å legge planar for livet sitt. Sjølv har ho planar om å studere medisin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL