Hopp til innhold

– For tidleg å skifte fylke

Rindal er alt no klare for å søke om å bli del av Trøndelag. Men dei fleste nordmørskommunane er meir skeptiske og meiner det er for tidleg å bestemme seg for om dei er trønderar eller nordmøringar.

Ingunn Golmen

Ingunn Golmen er ordførar i Aure og leiar i regionrådet for Nordmøre. Ho meiner kommunane treng meir informasjon før dei bestemmer seg for kvar dei vil høyre til.

Foto: Trond Vestre / NRK

Onsdag ba kommunestyret i Rindal rådmannen førebu ein søknad om å bli del av Sør-Trøndelag. I samband med kommunereforma skal alle kommunar vurdere korleis dei skal sjå ut i framtida – og kven av naboane dei ønskjer å orientere seg mot.

Men det er få som er så klare som Rindal. Dei fleste nordmørsordførarane meiner det er uaktuelt å skifte fylke no.

Lilly Gunn Nyheim

Lilly Gunn Nyheim er ordførar i Surnadal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Vi er ikkje i den fasen no, og framtida vil vise om vi kjem dit, seier ordførar Lilly Gunn Nyheim i Surnadal.

– Slik det ser ut no vil vi samle inn opplysningar og råd før vi tar ei avgjerd seinare, seier Nyheim til NRK.

– Men dersom Rindal skifter fylke, er det meir truleg at Surnadal gjer det same?

–Det er vanskeleg å seie, Rindal må gjere det dei meiner er best for dei. Men det er heller ikkje noko unaturleg tanke at grensa skal gå mellom Surnadal og Rindal, seier Nyheim.

– Vil ikkje velje no

Ståle Refstie

Ståle Refstie er ordførar i Sunndal. Heller ikkje han har bestemt seg.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Og nettopp spørsmålet om Trøndelag eller Møre og Romsdal blir sentralt for mange, om enn ikkje no.

I Sunndal er ordførar Ståle Refstie i full gang med arbeidet med kommunereforma, men heller ikkje han har avgjort kva for veg dei ønskjer å gå.

– Vi har jo gode samtalar med Nesset, som er ein naturleg samarbeidspartnar for oss, og vi har fått spørsmål frå Surnadal og Oppdal. Men vi har på ingen måte trekt nokon konklusjon enno.

Aure, Smøla og Halsa har hatt møte med fleire av trøndelagskommunane og skal ha eit nytt møte i midten av desember. Men Aure-ordførar Ingunn Golmen som også er leiar for regionrådet på Nordmøre, vil ikkje velje retning heilt enno.

– Trøndelag er den nærmaste naboen vår og vi har ei dialekt som liknar på trøndersk. Så det er klart vi har ei tilknyting nordover, seier Golmen, som likevel meiner ho kjenner seg som nordmøring.

For henne er spørsmålet om reforma fører til at fylka blir erstatta av store regionar.

– Dersom det blir ei endring i retning av større regionar, så trur eg at trønderalternativet – eller Midt-Norge-alternativet, som det like gjerne kan kallast – blir meir aktuelt for oss, seier Golmen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL