Har du fått flaggermus i hus og lurt på kvar dei eigentleg skal vere? Og kor blir dei av på vinteren?
SJÅ I NRK NETT-TV:
- LES:
Det har vore vanskeleg å gi svar på desse spørsmåla, men bruk av radiosendarar gir nye og overraskande svar.
Dvale halve året
På sommaren er aktivitetsnivået til flaggermusene høgt, og litt for ofte finn vi dei i husvegger og tak. Kvifor går dei i hus? Er det flaggermusene som favoriserer hus, eller er det eit resultat av mangel på alternativ?
På vinteren går flaggermusene i dvale. Då senker dei kroppstemperaturen til litt over frysepunktet og slik henger dei opp ned eit halvt år. Men kor held dei til? Det er berre funnet nokre få flaggermus vinterstid og det i nokre gamle gruver. Det skal vise seg at også dette mysteriet kan ha ei overraskande vending.
Ørliten radiosendar
Filmskapar Are Pilskog måtte til dei sunnmørske fjordane for å få svar på kor flaggermusene held til der ute i naturen.
Biolog Tore Michaelsen har følgt flaggermusenes aktivitet i fleire år, og han tar stadig i bruk nye metodar for å lære meir om nattdyra. Det aller siste innan flaggermusforsking er ein ørliten radiosendar på berre 0,35 gram.
Michaelsen fangar flaggermus om natta og fester radiosendar på dei. Ved å følgje radiosignala dagen etter får han svar på kor flaggermusene helde til på dagtid.
Og svara er overraskande. Flaggermus som vert fanga på brygga i Tafjorden velgjer faktisk å fly utover fjorden, bort frå husa. Signala leder mot dei bratte fjordsidene…
Unike bilete
Nyskapande forsking har gitt ny kunnskap om flaggermusene og naturfotograf Are Pilskog har fått fanga dei unike bileta. Her får du garantert sett flaggermus slik du aldri har sett dei før.
- Å jobbe med nattdyr er krevjande på grunn av lite lys, fortel Pilskog. På sunnmøre er heldigvis sommarnettene såpass lyse at det er mogleg å feste flaggermusenes atferd til film.
I programmet «Eit flagrande mysterium» kan du følgje den unge biologen Siv Midtlien på flaggermusjakt. Det skal vise seg å bli ei reise både til sjøs, til lands, til fjells, ja, til og med til vers for å bli kjent med flaggermusenes verkelege verden.
Dette er filmskaparens første tittelprogram. Pilskog er sjølv utdanna biolog, med fordjuping innanfor dyreatferd og økologi.
Resultatet kan du sjå i programmet «Eit flagrande mysterium».
SJÅ I NRK NETT-TV: