LoFF, Longyearbyen Feltbiologiske Forening, har laga ein skog av gamle juletrær slik at småfuglane skal ha eit lite habitat å søke ly i når polarmåsen jaktar på dei.
I Naturens verden på NRK P1, søndag 22. april, hører du også:
25 000 havhestar
Medan det enda er mørketid, i slutten av januar, kjem havhesten i store flokkar inn Adventfjorden. Dette er ein slektning av albatrossen og også havhesten er ein langdistanseflygar. Han kan flyge på dagstur mellom Svalbard og Novaya Zemlya, ei strekning på 80 mil.
Når havhesten kjem inn frå iskanten for å sjekke ut hekkeplassar på land kan han komme innover Adventdalen i flokkar på opp til 25 000 i timen.
No er også snøspurven observert på Svalbard og det betyr at våren har komme.
Vårsjekken på Svalbard
Naturredaksjonen inviterer alle til å delta på
På Svalbard har LoFF, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen ein tilsvarande aksjon. Brosjyra «Det våres» deles no ut til alle husstandar på Svalbard, også på russisk til dei som bur i Barentsburg.
No skal dei finne tidspunkt for hovedtrekka til dei ulike fugleartane og sjå om det dukkar opp framande artar. Målet er å få folk til å legge merke til endringar i naturen.
På nettsida
kan du melde inn observasjonar.