Hopp til innhold

Millionar ser på YouTube-orkesteret

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

101 musikarar møttest for første gong tysdag og fekk fire dagar på seg til å bli YouTube Symfoniorkester. Søndag blir konserten streama live for sjåarar over heile verda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

YouTube gjer musikalsk nybrottsarbeid. Akkurat no er 101 musikarar samla i Sydney i Australia, som YouTube Symfoniorkester.

Inntil for fire dagar sidan hadde musikarane aldri møttest før, bortsett frå i cyberspace. Dei kjem frå heile verda og opptrer som orkester saman berre denne eine gongen.

– Det er som å møte nokon via ein online dating service - men gonga med 100, seier dirigent Tilson Thomas til The Times.

Blir sendt live til heile verda

I løpet av ei hektisk veke må dei øve inn og framføre fem forskjellige konsertar, inkludert ein «grand finale» på søndag som blir streama live til heile verda via YouTube Symfoniorkester-kanalen.

Prosjektet YouTube Symfoniorkester starta for tre år sidan, då ein tilsett i Google kom opp med ideen. Gigantselskapet tente på ideen og det første YouTube-orkesteret vart samla i 2009. Dei gav berre ein konsert, i Carnegie Hall i New York.

Her kan du sjå ein litt original audition til YouTube sitt symfoniorkester.

Audition på Internett

No er det eit heilt nytt orkester. Det har vore omfattande audition-runder for å bestemme kven som skulle få vere med i orkesteret.

Kven som helst kunne laste ned masterklasser med renommerte musikarar på nettet, og deretter sende inn ein video der dei speler den same musikken.

Les: YouTube-orkesteret gjenoppstår

Ekspertar valde ut 300 av dei tusenvis som sende inn video. Deretter fekk dei som deltok stemme på kven som skulle få reise til Australia, før dirigenten fekk absolutt siste ord i utveljinga av dei 101 musikarane.

(Artikkelen held fram under biletet)

10 millionar har sett på kanalen

YouTube Symfoniorkester

Slik ser YouTube Symfoniorkester-kanalen ut. Den har hatt 10 millionar sjåarar sidan oppstarten.

Foto: Skjermdump

Så langt har ti millionar menneske sett på YouTube Symphony Orchestra-kanalen. Kvar dag blir det lagt ut nye videoar frå øvingane, og det blir telt ned til den store konserten.

– Vi får to billionar videotreff totalt på YouTube kvar dag, og fram til finala søndag vil kvar einaste YouTube-side ha eit merke øverst som reklamerer for orkester-kanalen, fortel YouTube-direktør Ed Sanders til The Times.

Det finst også ein eigen app for YouTube Symfoniorkester på mobiltelefonar.

– Ei nyvinning

Pianist Håvard Gimse

Pianist Håvard Gimse synest YouTube Symfoniorkester er ei spanande nyvinning.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Kjent klassisk pianist og programansvarleg for Oslo Kammermusikkfestival, Håvard Gimse, synest dette er eit spanande og moro prosjekt.

– Tida vil vise om det blir gjort fleire slike ting, no er det først og fremst moro fordi det er ei nyvinning. Det er ein del musikalske aspekt som er vanskelege å få fram over Internett, det klanglege blir ikkje like bra som under ei liveframføring, seier han til NRK.no.

Gimse underviser også i klaver, og merkar at studentane brukar YouTube mykje i studia sine, både til å høyre på innspelingar og dele kunnskap.

Les også: Ung norsk komponist skriv for YouTube

– Tettare på stjernene

Han trur prosjekt som YouTube Symfoniorkester kan gje nye moglegheiter for musikarar.

– Det blir lettare å dele kunnskap og ein kjem tettare på stjernene. No kan ein for eksempel sitte i Noreg og få undervisning av ei stjerne i New York. Det er inspirerande, seier Håvard Gimse.

Det er ingen norske musikarar med i YouTube Symfoniorkester. Finalen blir streama live på www.youtube.com/symphony søndag 20. mars frå klokka 08.00 norsk tid.

The Virtual Choir

På YouTube finn ein fleire eksempel på musikarar som tek i bruk kanalen for å kome i kontakt med andre musikarar. Eric Whitacre har starta The Virtual Choir, eit kor som syng saman ved hjelp av Internett.

185 stemmer blir satt saman i lyd og i videoen kan ein sjå alle stemmene som er med frå 12 ulike land, frå sine eigne soverom.

The Virtual Choir syng her 'Lux Aurumque', leia av Eric Whitacre.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP