Hopp til innhold

YouTube-orkesteret gjenoppstår

På søndag går søknadsfristen ut for andre utgåve av YouTube Symphony Orchestra, som skal samlast i Sydneys operahus i mars neste år. Du kan framleis bli med – om du improviserer betre enn denne organisten!

Det er ikkje berre amatørar som søkjer seg til YouTubes orkester – amerikanaren Cameron Carpenter er allereie ein anerkjent solist.

Det første YouTube-orkestret såg dagens lys i april i fjor. Kven som helst kunne delta ved å laste opp ein video av seg sjølv, og YouTubes brukarar stod for den endelege kåringa av dei 96 musikarane som fekk vere med.

Kinesisk internettsymfoni

Orkesterets første konsert fann stad i Carnegie Hall i New York. Første gongen YouTube inviterte til audition, var det med «Internet Symphony» av den berømte kinesiske komponisten Tan Dun.

Her kan du sjå Tan Duns «Internet Symphony», med klipp frå YouTubes audition:

Improviserer til nykomponert musikk

Denne gongen har arrangørane invitert den unge amerikanaren Mason Bates til å lage musikken. Hans stykke «Mothership» blir spelt av London Symfoniorkester på invitasjonsvideoen.

I tillegg til vanleg audition for orkesterstemmene, kan søkjarane konkurrere om å vere solist på konserten – dei kan legge inn sine eigne improvisasjonar to stader i «Mothership». Dei to beste improvisasjonane som blir sendt inn, skal etter planen vere solistar på konserten i Sydney, medan nr. 3 og 4 blir spelt av på storskjerm.

Alle instrument kan brukast

Det er ingen restrikasjonar på kva slags instrument som kan brukast i improvisasjonen, i invitasjonen står det at alt frå erhu til vinglas blir godteke, og at ein eventuelt kan synge eller rappe.

Arrangøren er dessutan ute etter mangfald og kreativitet, noko denne søkjaren ser ut til å ha satsa på:

Renommerte støttespelarar

Michael Tilson Thomas

Dirigenten Michael Tilson Thomas, her under konsert med den første utgåva av YouTube Symphony Orchestra.

Foto: Stan Honda / AFP

YouTubes symfoniorkester blir omtalt som eit amatørorkester, men fekk like fullt ei god mottaking av mellom andre New York Times etter debutkonserten i Carnegie Hall.

Dirigent både då og no er Michael Tilson Thomas, som er sjefdirigent for San Fransisco Symfoniorkester og tilhøyrer elitedivisjonen av internasjonale dirigentar.

Her kan du sjå Michael Tilson Thomas dirigere London Symfoniorkester, som spelar Mason Bates' «Mothership»:

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP