Hopp til innhold

– Barn blir sveklingar av tv-spel

Datamaskiner har skapt ein generasjon av sveklingar, påstår britiske forskarar etter å ha testa fysisk styrke hos tiåringar.

Gutt spiller tv-spill

Barn brukar for mykje tid på tv-spel og datamaskiner, og blir sveklingar, meiner britisk forskar.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Barn viser muskler

Britiske forskarar har testa den fysiske styrken til barn, og funne ut at tiåringar var sterkare for berre ti år sidan.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no
Kinesisk gutt tar sit-ups

Ein 10-åring kunne ta 27 prosent færre sit-ups i 2008 samanlikna med ti år tidlegare.

Foto: GUANG NIU / REUTERS

Barn blir svakare, får mindre musklar og greier ikkje å gjennomføre fysiske testar som var lette for tidlegare generasjonar.

For tiåringar har både evna til å ta sit-ups og å henge frå ein bjelke blitt dårlegare. Armstyrken har gått ned, og det same har gripeevna.

Det viser ei undersøking gjennomført av dr Gavin Sandercock, som er ekspert på barnehelse ved Essex University. Han og fleire andre undersøkte 315 tiåringar i 2008, og samanlikna dei med 309 barn i same alder frå 1998.

Svake hender

Undersøkinga er publisert i helsemagasinet Acta Paediatrica, og omtalt i The Guardian.

Dette var det dr Sandercock fann:

  • Ein 10-åring kunne ta 27 prosent færre sit-ups i 2008 samanlikna med 1998.
  • Armstyrken gjekk ned med 26 prosent og gripestyrken gjekk ned med sju prosent.
  • Kvart 20. barn klarte ikkje å halde seg fast medan dei hang frå ei stang i 1998. Ti år seinare klarte kvart tiande barn ikkje å gjere dette.
Steinar Krokstad

Førsteamanuensis ved institutt for samfunnsmedisin på NTNU, Steinar Krokstad.

Foto: NTNU
Gutt henger fra et tre

Løysinga burde vere å klatre meir i tre, og lære seg å henge etter hendene, meiner dei britiske forskarane.

Foto: Sigrid Olsson / Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

– Dette stadfestar mistanken om at generelle aktivitetsnivået går ned. Tidlegare bestod oppveksten mykje av grovmotorisk uteleik. No har ein mange tilbod med dataspel og tv-program som tek over, seier førsteamanuensis ved institutt for samfunnsmedisin på NTNU, Steinar Krokstad.

Sandercock meiner barn burde klatre meir, enten i gymtimen eller på fritida, for å bli sterkare. Han får støtte frå Tim Fry i Child Growth Foundation.

– Å falle frå ei grein brukte å vere ein god lærepenge for barn at dei måtte lære seg å klatre betre. No gjer frykta for søksmål at dei lar vere å prøve, seier han.

Krokstad meiner samfunnet har lagt til rette for at vi skal bevege mindre på oss.

– Det gjeld både i arbeidet og for fritidsaktivitetar. Det er noko med biologien vår som får oss til å passe på energiforbruket, seier han.

Ikkje tjukkare

Tidlegare studiar har vist at barn er dårlegare trente, mindre aktive og at dei sit meir stille og er tyngre enn før.

Men denne studien viser samtidig at kroppsmassindeksen (BMI) for barna ikkje har gått opp på dei same ti åra.

– Dette er verkeleg urovekkande. Det er godt nytt at BMI-en ikkje har gått opp. Men det er urovekkande at dei er svakare og truleg ber på meir feitt enn tidlegare, seier Sandercock.

Forfattarane meiner det viser at ein bør slutte med BMI-målingar av barn, og heller starte med styrketestar. Steinar Krokstad er ikkje samd i at ein bør kutte ut BMI-målingar.

– Det er svakheiter med BMI, men det er også eit viktig mål. Vi har målingar frå lang tid tilbake, og det ville vere dumt å slutte med desse no, seier han.

– Men dei har eit poeng i at ein også bør måle styrken, legg han til.

Løpende gutter

For lite aktivitet blant barn gjer ikkje nødvendigvis at dei blir tjukke, men dei blir svakare, meiner dei britiske forskarane.

Foto: Sigrid Olsson / Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)