Hopp til innhold

Miniatyr-motiva du aldri har sett før

Her er vinnarane av fotokonkurransen Nikon Small World 2013.

Tallause vakre detaljar i naturen er skjult for oss, fordi dei er altfor små til å bli oppfatta av auget.

Men no får vi ein sjanse til å gløtte inn i denne miniatyrverda gjennom konkurransen Nikon Small World der forskarar og amatørfotografar har sendt inn sine aller beste mikroskop-bilete, eller fotomikrografi som det heiter i denne bransjen.

Konkurransen som i år feirar 39 år, premierer mikroskop-foto som kombinerer evner i vitskapleg biletteknikk med visuell estetikk.

Kiselalge

Heilt til topps gjekk frilansfotografen Wim van Egmond som har tatt eit vakkert bilete av ein kiselalge, ein ørliten vasslevande organisme.

I biletet har Egmond ifølgje juryen klart å sameine kunst og vitskap når han fanga kompleksiteten og dei utrulege detaljane i heliks-strukturen til algen.

Kiselalgar er ikkje berre dei viktigaste oksygenprodusentane i verda, dei er også ein livsviktig del av næringskjeda. Arten som er avbileta i Egmonds vinnarbilete er fanga saman med marint plankton i Nordsjøen.

For å fange dei ulike dimensjonane av organismen, har fotografen brukt ein "stacking" teknikk der heile 90 bilete vart sett saman til eitt. I tillegg er det brukt ein avansert teknikk for å skape ein kontrast mellom den gulbrune kiselalgen og ein mørkeblå bakgrunn.

Juryen meiner at kombinasjonen av ein komplisert teknikk og Egmonds kunstneriske blikk gjorde hans bilete til ein klar vinnar i årets konkurranse.

Egmond har halde på med fotografering av mikroskopiske motiv i nesten 20 år, og er ekstra glad i å fotografere mikroorganismar som lever i havet.

Blant dei andre motiva som kom høgt opp finn vi også ein marin mark, eit kameleon-embryo, insekt innpakka i spindelvev og ei nervecelle som er i ferd med å ta imot elektriske signal frå naboceller.

Edderkopp med parasittisk veps

Vakkert, men brutalt. Biletet viser ein mattevevaredderkopp infisert av ein parasittisk veps som sakte men sikkert fortærer innsida av edderkoppen. Biletet er tatt av norske Geir Drange.

Foto: Geir Drange/ Nikon Small World

–Edderkopp med parasittveps

I fjor nådde den norske amatørfotografen Geir Drange heilt opp blant dei ti beste. Også i år er han representert blant vinnarane i konkurransen med to bilete, der det beste kom på 16. plass.

Biletet viser ein mattevevaredderkopp med ein gul parasittvepslarve som sit fast på bakkroppen.

–Larven sit på skalet og syg ut næring får edderkoppen. Til slutt vil edderkoppen døy, og då vil larven klekke til ein liten veps, fortel Drange som er ingeniør av yrke og har mikroskopi-fotografering som hobby.

I likskap med mauren som skaffa han niandeplassen i fjor, fann Drange edderkoppen rett utanfor huset.

–Korleis kjenst det å nå så høgt opp to år på rad?

–Det er veldig spennande. Eg har klart å finne ei nisje der eg kan gjere det godt blant mange profesjonelle, seier han.

–Eg kjem til å halde fram med å levere. Det er morosamt å konkurrere.

  • Sjå alle vinnarane her
Eggkapselen til ein kannibaledderkopp (Ero sp.)

Geir Drange sitt biletet av eggkapselen til ein kannibaledderkopp (Ero sp.) fekk heiderleg omtale.

Foto: Geir Drange /Nikon Small World