Hopp til innhold

Fotograf Knut Bry på museum – ein nasjonal skatt

Seksti år bak kamera har resultert i ein million bilde. Knut Bry (77) har ikkje lege på latsida. No tek Preus museum over heile livsverket som har vore lagra heime i skuffar og skåp.

Knut Bry kikker inn i et kamera

Knut Bry tatt ein million bilde dei siste seksti åra.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Her står det jo diverse.

Dei lange beina til Knut Bry stikk ut av eit kott på loftet. Han har oppdaga fleire mapper med lekre fotografi. Cecilie Øien styrtar til for å ta imot.

– Der inni har me ikkje sett! Me visste ikkje at det var fleire rom her.

Cecilie Øien og Knut Bry

Knut Bry med endå eitt bilde han overrekkjer direktør for Preus museum, Cecilie Øien

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Direktør Cecilie Øien og arkivar Marthe Marie Strand ved Preus museum har tatt turen frå Horten til Hovet i Hallingdal for å hente heile fotosamlinga til fotograf Knut Bry. Det er ikkje gjort i ei handvending. I over eitt døgn har dei leita, sortert og pakka. Berre avbrote av nokre timars søvn.

Direktør for Preus museum, Cecilie Øien

Cecilie Øien finn stadig nye skattar i søppelsekkar

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Golva er fulle av kasser søppelsekkar, plastposar og bagar.

– Du blir overvelda når du ser mengda, men det er altså heilt fantastisk! Det er slides i bereposar, det er negativ, det er printa fotografi og det er platecover.

Øien fiskar opp ei LP-plate frå 80-talet: «Scoundrel days» med a-ha.

– Det er Knut Bry som har tatt desse bilda.

Direktøren er nesten på gråten.

Spesialkasser for dias

Spesialkasser med bilde fyller opp to varebilar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det er altså ingenting han ikkje har gjort! Han har hatt oppdrag for Mercedes og Dior, det er opera og ballett. Det er Kolahalvøya og forureininga der, og så kjenner jo alle dei bilda han har tatt dei siste åra i flyktningleirane Moria og Pikpa på Lesvos. Det er så enormt mykje å ta av, seier museumsdirektøren og dukkar ned i ein søppelpose som ho heldigvis ikkje kasta.

– Her er det meir gull!

Mannlig modell i denimdress fra 70-tallet

Bry kjøpte gamle jeans på loppemarknad og sydde dette antrekket tidleg på 70-talet. Modell: Gustav Gunvaldsen

Foto: Knut Bry
Vase med blomster i sterke rødfarger

Peoner frå hagen. Bildet er tatt i kjellaren heime.

Foto: Knut Bry
Luftfoto av stillehavsøya Bora Bora. En fot med sandal stikker inn i bildet over øya

Bora Bora i Fransk Polynesia, Stillehavet. Coverbilde til magasinet Condé Nast Traveler, tatt frå helikopter.

Foto: @Knut Bry
Grace Jones, med krone på hovudet i svart/kvitt

Grace Jones i kostyme frå filmen Conan the Destroyer. Bildet er tatt i New York for motemagasinet Tique i 1984.

Foto: Knut Bry
Kvinne omkranset av lystråder

Platecover til Rebekka Karijord sitt debutalbum Neophyte frå 2003. Stylist: Linda Sande

Foto: Knut Bry
Mannleg modell held ei flaske Chanel

Reklamefoto for Chanel, tatt i Saint-Tropez. Modell: Larry Scott

Foto: Knut Bry
Jo Strømgren som Mahatma Gandhi.

Jo Strømgren som Mahatma Gandhi. Eit forsøk på å gjenskape ein kjent statue.

Foto: Knut Bry
Stor skulptur av ei hand ut frå eit tre i skogen.

Platecover for Ruth Wilhelmine Meyer, tatt på Hovedøya i Oslofjorden. Skulptur: Thor Hvamen

Foto: Knut Bry
Tre gutar i bar overkropp spelar fotball mot ein murvegg

Forestillinga "A Dance Tribute to the Art of Football" av Jo Strømgren. Bildet er tatt på T-banestasjonen på Storo i Oslo.

Foto: Knut Bry

Høg kvalitet gjennom seks tiår

Bry har gitt frå seg 40 fulle harddiskar med digitale foto. I tillegg kjem dei rundt 300.000 analoge lysbilda.

Hovudpersonen sjølv har ikkje hatt peiling på kor mykje han har hatt liggjande.

Knut Bry

Knut Bry er audmjuk og glad over at at Preus museum overtek livsverket hans.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Korleis har du det no, når dei driv og ber livsverket ditt ut av huset?

– Det er jo lett absurd.

Kjennest det rart?

– Både ja og nei. Det er jo naturleg å kvitte seg med det ein gong. Det er jo ei stor ære. Verkeleg.

Museumsdirektør Cecilie Øien fortel at dei prøvar å ikkje ta inn kva som helst til fotomuseet. Når det gjeld Bry, så er han ei type fotograf som har halde høg kvalitet gjennom seks tiår.

– Knut er ein nasjonal skatt i Norge. Og den er det vår jobb å ta vare på.

To karar frå eit transportfirma ber kasser i skytteltrafikk mellom huset og to varebilar som står i tunet. Dei skal sørge for sikker transport dei 280 kilometrane frå Hovet til Horten.

Kongstein bærer en bag med bilder ned trappa

Sjåfør Hans Anker Kongstein ber eit utal lass med bilde ned frå loftet.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Parfyme, reklame og ressurssløseri

Alt materiale skal etter kvart sorterast og katalogiserast. Bry sjølv skal hjelpe museet med opplysningar som høyrer til bilda. Cecilie Øien let seg imponere over det visuelle minnet til fotografen.

Direktør for Preus museum, Cecilie Øien

Cecilie Øien er direktør ved Preus museum

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Når han tek opp eit bilde, så kan han med ein gong seie kven som var assistenten hans, kva slags modellar han brukte og kva oppdraget var.

Korleis kan du hugse alt dette, Knut?

– Eg veit ikkje, men eg har jo sett alt gjennom kameraet.

77-åringen blar gjennom perm etter perm med eigne fotografi. Han innrømmer at det er knytt mykje nostalgi til bilda han har tatt.

Sveip for fleire bilde signert Knut Bry:

Reklame

Motefoto for British Vogue i 1988. Bry fekk alle på settet til å vifte med med lommelykter. Eksponeringstida var så lang at modellen Corinthe til slutt sovna.

Foto: Knut Bry
Reklamefoto for Moelven

Reklamefoto for Moelven, tatt i Lysebotn i 1993.

Foto: Knut Bry
Mann henger vannrett i en snor mot blå himmel

Balansekunstnar Eskil Rønningsbakken heng i 60 meter høg ovarennet hoppbakke.

Foto: Knut Bry
Ansiktet på en ung kvinne med mørkt hår

Ida Wigdel i danseforestillinga "Poppea" av Ingun Bjørnsgaard i 2009.

Foto: Knut Bry
Sterkt sminka kvinne med stor fargerik øyrepynt

Modellen Victoria Kennedy i New York seint på 80-talet. Make up: Linda Mason

Foto: Knut Bry
Steinstøtter mot nattehimmel

Steinformasjon i Valle de la Luna i Atacamaørkenen i Chile, 4000 m.o.h. Oppdrag for reisemagasinet Condé nast Traveler. Lysett med månen og ei lommelykt.

Foto: Knut Bry
En mengde unger sett ovenfra.

Frå boka "Bryne, portett av ein by" frå 2008. Bry beordra alle skuleungane på Bryne ut, medan han sjølv hang i lufta frå ei kran 40 meter over bakken.

Foto: Knut Bry
Et berg av redningsvester på den greske øya Lesvos

"Lifejacket Graveyard" på Lesvos i 2016. Darek frå Tsjekkia er Knut sin gode ven og kollega, som frivillig hjelpearbeidar. Redningsvestane frå båtflyktningane vart samla og sydd om til vesker og bagar.

Foto: Knut Bry
Søppel og kloakk flyter i flyktningleiren Moria

Moria-leiren på Lesvos, januar 2020. På denne tida budde 22000 flyktingar i leiren.

Foto: Knut Bry
Glade unger i flyktingleiren Pikpa på Lesvos.

Ansiktsmåling for ungane i flyktningleiren Pikpa på Lesvos, organisert av frivillige hjelpearbeidarar.

Foto: Knut Bry

– Her er reklamen for Fahrenheit-parfymen til Dior. Det er jo totalt spinnvilt å reise til Australia for å ta eit bilde av den.

Bry har for lengst gitt seg med reklamefotografering.

– Overforbruk og enormt ressurssløseri! Reklame er jo stort sett for ting som ingen har bruk for, fresar den anerkjente fotografen.

Cecilie Øien teiknar ramma rundt karrieren hans på denne måten:

– Han startar som modell og blir etter kvart fotograf. Det blir mange kommersielle jobbar og reiseoppdrag, men etter kvart endar han opp med å gjera mest på miljø, menneskerettar og demokrati.

Det første Preus museum skal i gang med, er å førebu ei stor utstilling til Knut Bry sin 80 årsdag i 2026.

Her tek Knut Bry farvel med livsverket sitt. 1 million bilde set kurs mot Preus museum i Horten

To varebilar fullasta med bilde startar ferda mot Horten.