Hopp til innhold

Nemo blir døv for rovdyr i surt hav

Klovnefiskar ser ut til å bli døve for rovdyrlydar med surare hav. Dette kan gjer fisken meir utsett for fiendar.

Oppdrag Nemo

Havforsuring kan føre klovnefiskar opp i langt større problem enn dei Nemo fekk i filmen Oppdrag Nemo.

Foto: AMPAS/Pizar / Scanpix/AFP

Klovenfisk i lilla anemone

Klovnefisk held til i tropiske farvatn i det Indiske hav og Stillehavet. Dei lever i symbiose med sjøanemonar som gir dei vern mot rovdyr i bytte mot mat.

Foto: Nhobgood - Nick Hobgood/CC

Dr Steve Simpson ved Bristol University

Dr Steve Simpson ved University of Bristol leia undersøkinga på hørsel hos klovnefisk.

Foto: Bristol University

Klovnefiskar, kjende frå animasjonsfilmen om Nemo, er avhengige av hørsla si for å unngå rovdyr. No viser ein studie gjort av engelske forskarar frå University of Bristol at unge klovnefiskar ser ut til å miste hørsla i surt hav.

–Vi har putta dagens fisk inn i morgondagens klima, og vi ser at effektane kan vere potensielt øydeleggjande, seier Dr. Steve Simpson i ei pressemelding.

Surare hav

Havet er i ferd med å bli stadig surare i takt med at CO2-innhaldet i atmosfæren aukar. Sidan den industrielle revolusjon, har pH-en i havet minka med 0,1 pH-einingar.

Berekningar frå det internasjonale klimapanelet viser at havets pH vil gå ned med ytterlegare 0,3 til 0,4 einingar innan 2100 dersom dei globale utsleppa av karbondioksid til atmosfæren held fram i same takt som før.

Havforsuring vil bli eit problem for korallrev og andre organismar i havet som byggjer kalkskjelett.

Tidlegare studiar har også vist at havforsuring kan gå ut over luktesansen hos fisk, men dette er første gong det blir vist at havforsuring også kan påverke hørsla hos fisk.

Utsett for rovdyrlyd

Eksperimentkammer

I dette spesialbygde eksperimentkammeret testa forskarane hørsla til dei små klovnefiskane.

Foto: Steve Simpson, Bristol University

I den engelske studien alte forskarane opp klovnefisklarvar av arten Amphirion percula i fire ulike miljø.

Eitt miljø tilsvarer dagens CO2 nivå på 390 ppm (parts per million), og dei tre andre miljøa med CO2-konsentrasjonar på 600, 700 og 900 ppm er basert på klimapanelet sine berekningar for CO2-nivået i atmosfæren i år 2050 og 2100.

Babyklovnfiskane vart så plassert i eit spesialbygd eksperimentkammer. Her vart dei små Nemo'ane utsett frå lydar av ulike rovdyr på eit korallrev. Lydane spelte forskarane av frå ein undervassmikrofon.

Lytt til lyden som vart spelt for klovnefiskane her:

Klarte seg dårleg

Eksperimenta viste at klovnefiskane som var alt opp under surare havmiljø klarte seg svært dårleg.

– Fisk alt opp under dagens miljø sumde bort frå rovdyrlyden, men dei som var alt opp i CO2-miljø som tilsvarer år 2050 og 2100 viste ingen respons, fortel Steve Simpson.

Studien som er publisert i tidsskriftet Biology letters, viser at havforsuring ikkje berre har ei effekt på ytre sansar, men også på hørselsansen som er plassert langt inne i bakhovudet på fisken.

Dette tyder på at havforsuring kan verke inn på funksjonen til heile sanseapparatet hos fisk.

– Det vi ikkje veit, er om fisken kan tilpasse seg og tåle havforsuringa i løpet av dei neste få generasjonar, seier Simpson.

Simpson sin kollega, professor Philip Munday, er no i ferd med å ale opp klovnefiskar for å studere deira evne til å tilpasse seg gjennom generasjonar, fortel Simpson til NRK.no.