NRK Meny
Normal

Alle korallrev trua innan 2050

Tre av fire korallrev verda over er i fare viser ny internasjonal undersøking. Dette er ein uhyre alvorlig situasjon, seier norsk marinbiolog.

Photo of a coral colony and shark

Ein ny rapport konkluderer med at alle korallrev i verda vil vere trua innan 2050.

Foto: Colourbox

Den omfattande rapporten Reefs at Risk Revisited om konkluderer med at tre av fire korallrev verda over er trua.

Dette er ein kraftig forverring frå førre rapport som vart gjort for 10 år sidan.

Truslane mot korallreva har auka på 30% av korallreva som er undersøkt.

Uhyre alvorlig situasjon

– Dette er skremmende lesing, seier marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskinginsituttet til NRK.no. Fosså har kartlagt og forska på norske korallrev.

– Det er ein uhyre alvorlig situasjon, ikkje minst fordi mange land haustar mykje mat på desse korallreva, og korallreva verkar også som beskyttelse mot stormar .

Fosså seier også at rapporten er trist lesing sett i lys av at FNs biodiversitetskonvensjon har hatt som mål å stoppe tap av biologisk mangfald innan 2010.

Dette målet er no justert til at ein skal stoppe auke i tapet.

Korallreva kallast ofte for havets regnskog, fordi dei er dei områda i havet som har mest biologisk mangfald.

Denne rapporten viser at utviklinga går berre ein veg.

Overfiske og klimaendringar

Overfiske og destruktivt fiske (med dynamitt og gift) som tek knekken på både fisk og korallar, er den største trusselen mot dei tropiske korallane.

Utbygging i kystområde, og forureining frå land er dei andre store truslane mot korallrev. Forureining frå land skuldast blant anna auka erosjon som følgje av nedhogging av tropisk regnskog.

Sjå video frå Reefs at Risk Revisited:

Desse truslane kjem i tillegg til varmare hav og havforsuring som begge skuldast auka utslepp av CO2. Varmare vatn gir korallbleiking, som også kan føre til koralldød dersom situasjonen vedvarer.

Havforsuring fører til dårlegare vekst hos korallar, og kan faktisk om ein del tiår stoppe veksten heilt.

Norske korallrev

Reefs at Risk Revisited-rapporten har ikkje sett på kaldtvasskorallrev, som er den typen korallrev vi har i Noreg (sjå faktaboks).

Men kaldtvasskorallar er også utsett for truslar som skuldast menneskeleg aktivitet.

På lik linje med tropiske korallrev har korallreva i Noreg tidlegare vore trua av fiske, og då spesielt botntråling som har øydelagt reva.

Havforskingsinstituttet anslår at mellom 30 og 50 prosent av korallreva i Noreg alt er påverka eller øydelagde.

Etter at skadane på norske korallrev vart kjent, har norske myndigheiter gjort tiltak for å verne reva mot ytterlegare skade.

Botntråling på korallrev er i dag forbode, og fiskarar skal vere aktsame ved tråling i nærleiken av kjende korallrev.

På sikt er den største trusselen mot dei norske kaldtvasskorallreva forsuring av havet.

Framtidsscenario

Rapporten konkluderer med at dersom truslane mot korallreva held seg konstante, vil nesten alle varmtvasskorallrev vere trua innan 2050.

– Om femti år er det ikkje sikkert at våre etterkommarar kan finne korallreva i nokolunde stand, seier Fosså.

– Dei globale klimaendringane må løysast globalt, seier Fosså, men kvart land for seg, og vi enkeltindivid, kan gjere noko med dei andre truslane.

– Når vi er på ferie kan vi til dømes vere nøye med å berre kjøpe dykketurar av seriøse aktørar som er opptekne av bevaring av korallreva, seier Fosså.